Valdres

Steinkyrkjer

jul 14, 2014 Skrevet av 

Slidredomen

Slidredomen er den gamle hovudkyrkja i Valdres, frå sist på 1100-tallet, i romansk rundbogestil. Her heldt prosten i Valdres til i middelalderen, den fremste lokale representant for biskopen i Stavanger. Kyrkja har eit rektangulært skip og eit smalare rett avslutta kor. Høgt på sørveggen er to opphavlege vindauge. Kyrkja har ei hovuddør mot sør og ei anna dør mot nord i skipet. Det er og ei sørdør i koret.


Slidredomen. Foto: Naturfokus.

Ecclesie Sancte Marie de Slidrum

Maria-kyrkja i Slidre vert nemnt skriftleg fyrste gong i eit pavebrev i 1264. I kyrkja står også ”Maria” med runer.

Hovuddør mot sør

Hovuddøra har middelalderlege smijernsbeslag av høggotisk type. Det heng og eit alenmål i ringen, noko som er svært sjeldan i dag. På murkarmen ved hovuddøra er eit kyssekors. I døropninga er ein labyrint.

Vigslingskors, våpenskjold, vegg- og takmåleri

Her finst spor av fem innvigslingskors, eit av dei ved hovuddøra er restaurert. På skipet sin nordmur er eit måla våpenskjold frå ca. 1330 – 1350. I dag er dette Vestre Slidre sitt kommunevåpen. På austveggen i koret er det eit stort kalkmåleri frå 1400-talet. Her er apostlane, lenger opp er ei framstilling av himmelfarten og øvst ei velsigning eller kroning, omgjeve av englar med musikkinstrument. Takmåleriet i koret er frå om lag 1250 med Kristus som velsignar omgjeve av evangelistsymbola.

Svært sjeldan alterkalk

Slidredomen har ein unik alterkalk som enno er i bruk, truleg laga i tida 1325 – 1350. Ei innskrift seier at «Denna kalik gaf Salomon biskup i Oslo Slidra kirkiu». Salomon hadde vore prest i Slidre 1298 og vart biskop i Oslo 1322 – 1352. Han gav kalken til si gamle kyrkje som takk for at han overlevde Svartedauden i 1350. Altertavla, preikestolen og korskiljet vart måla i 1797 og 1798.

Kyrkjeklokkene

Slidredomen hadde i gamal tid «12 med hinanden harmonerende klokker». No har kyrkja 4 klokker frå middelalderen i tårnet og 2 klokker i støpulen (klokketårnet), ei av dei frå middelalderen. Støpulen (klokketårnet) har årstalla 1679 og 1798.


 Mo kyrkjeruin


Mo kyrkjeruin. Foto: Naturfokus.

Mo kyrkjeruin forsvann og kom fram att. Kyrkja er truleg frå om lag 1215. Dette er i dag kanskje Norges minste frittståande steinkyrkje frå middelalderen. Grunnplanen er eit rektangulært skip og eit smalare rett avslutta kor.

Privatkyrkje som vart soknekyrkje

Ruin etter reformasjonen

Kyrkja var truleg i bruk til omkring reformasjonen. Då fall ho etter kvart saman og låg i 1743 i mannshøge ruinar. Det vart sagt at kyrkja var bygd av «skjønne, levende stene». Ruinen vart brukt som steinbrot og etter kvart dekka av storflaumar i elva Mosåne. Området grodde til med kratt. I 1972 – 1977 vart ruinen graven ut og restaurert ved samarbeid mellom Riksantikvaren og Vestre Slidre ungdomsskule. Det er messe i ruinen ein gong kvar sumar.

Restaurering av ruinen

Heile omrisset av kyrkja har kome klart fram. Veggen bak altaret er mura opp att med eit gotisk vindauge. Kyrkja har eit hovudaltar i koret murt inn i austveggen og eit sidealtar på nordsida i koropninga. Kyrkja har hatt ei hovuddør mot vest i skipet og ei dør mot sør i koret. Kyrkjegardsmuren er også avdekka.


Arkeologiske funn utanom myntane

Tre delar av middelaldergravsteinar frå om lag 1200 er no på Valdres Folkemuseum. Desse er romanske hjulkross frå Gudbrandsdalen. Den ene biten har eit normannisk stjernemotiv. Det vart funne pyntebeslag og ein del av ei messeklokke fra middelalderen. Det vart også funne ei bjørneklo, truleg ein amulett til vern mot dyret. På nordsida av kyrkja (kvinnesida), fann ein skjelett etter fem yngre kvinner, ca. 25 år gamle og ca. 1,5 meter høge, kanskje ei massegrav frå Svartedauden i 1350.

Kyrkjekiste

Ei stor jernbeslått kyrkjekiste frå Mo kyrkje står no i Slidredomen.

 


Ulnes kyrkje

Då garden Mo var heil og udelt, var han kanskje den største i Vestre Slidre. Truleg var kyrkja opphavleg privat, ei såkalla «høgendeskyrkje». Mo kyrkjesokn er omtala i 1368 og 1400 med gardar på begge sider av Slidrefjorden. Eldste myntfunn er frå kong Sverre 1177 – 1202, og det yngste frå kong Hans, død 1513. Dette viser tidsromet kyrkja var i bruk.

Ulnes kyrkje er ei steinkyrkje frå om lag 1265, omtala skriftleg i 1307. Kyrkja var i middelalderen utan tårn, tilbygg og store vindauge. Sørdøra i skipet, no eit vindauge, er i romansk rundbogestil. Ein hjørnestein frå sørdøra ligg i gangen. I koret er det ei spissboga gotisk dør mot sør og eit gotisk vindauge mot aust bak altartavla. Grunnplanen er eit rektangulært skip og eit smalare rett avslutta kor.

Inventar frå middelalderen

Eit eldgamalt døypefontlokk står i koret. Ein kvinnefigur fra 12-1300-talet er i ein monter i gangen. Dette er eine halvdelen av eit motiv som viser Maria og Elisabeth sitt møte. Kyrkja hadde tidlegare eit altarforstykke frå om lag 1325 – 1350, med St. Margaretha, St. Peter, St. Paulus og St. Sunniva. Bilete av forstykket heng i gangen. Ei klokke i tårnet er frå middelalderen. Bjørnelabben i glassmonteren er kanskje en amulett til vern mot dyret.

Nyare inventar

Dåpsenglane (døypefontane) er frå 1793 og 1873. Den nyaste er laga av Ole Fladager frå Ulnes, Norges mest kjende bilethoggar på 1800-talet. Murmåleria på veggane i koret og over korbogen er frå 1790-åra. Her ser ein mellom anna Jesus med tre disiplar og Sakkeus i morbærtreet. Ulnes kyrkje er einaste kyrkja i Norge med ei framstilling av hendinga med Sakkeus. Preikestolen er frå om lag 1740.

Uvanleg altartavle

Altartavla frå 1850 har ei spesiell historie. Vi merkar oss rundgangen øvst, der dei tre heilage kongane med snortrekk kan dreiast rundt Maria og barnet. Dette er den einaste altartavla i Norge med ein slik rundgang, laga etter mønster av tyske klokkespel med vandrande figurar. To brør frå Ulnes ville dra til Amerika i 1840-åra. Den eine var treskjerar, den andre målar. Skipet gjekk under i ein storm i Nordsjøen, og dei ba til Gud om at dersom de overlevde, ville dei dra heim og gje kyrkja si ei fin gåve. Livbåten vart skylla i land i Holland, og dei drog til Tyskland der dei gjekk i lære hjå håndverkermeistrar i tre år medan dei studerte altartavler. Så drog dei heim og laga altartavla. Seinare drog dei til Amerika og kom vel fram.

Sist redigert onsdag, 01 oktober 2014 14:46
Zo2 Framework Settings

Select one of sample color schemes

Google Font

Menu Font
Body Font
Heading Font

Body

Background Color
Text Color
Link Color
Background Image

Header Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Slider Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Inset Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Bottom Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image
Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image