Valdres

Øye stavkyrkje

jul 14, 2014 Skrevet av 

Øye stavkyrkje vart borte og kom fram att. Ho er truleg bygd sist på 1100-talet som ei søylestavkyrkje med fire frittståande søyler i kyrkjerommet, men desse ber ikkje noko opphøgda midtparti slik som i Høre, Lomen og Hegge. Hjørnesøylene i kyrkja er for så vidt nok til å halde kyrkja oppe. Kanskje har kyrkja hatt ein takryttar? Øye stavkyrkje er uvanleg og liknar mest på Vang stavkyrkje (no i Polen).


Øye stavkyrkje. Foto: Naturfokus.

Borte i 200 år

Kyrkja stod opphavleg på eit jorde ut mot Vangsmjøsa. Der var det svært fuktig, og under vårflaumen kunne gravene bli fylte av vatn slik at ein måtte leggje steinar på kistene for å få dei ned. Kyrkja var dårleg, så ho rotna opp eller bles ned. I 1747 vart nye Øye kyrkje vigsla. Stavkyrkja forsvann. I 1930-åra måtte ein reparere grunnmuren til nye Øye kyrkje. Under kyrkjegolvet låg Øye stavkyrkje lagra, 156 delar i alt. Ingen veit kvifor. Det vart til slutt bestemt å reise stavkyrkja att på Øyebakken og ho vart vigsla i 1965. Øye stavkyrkje vert no brukt til bryllaup og jonsokmesse kvar sumar.

Katolsk middelalderpreg

Kyrkja har svalgangar og halvrund koravslutning bak altaret. Ho har ikkje benker i skipet, berre langs veggane, og får såleis eit svært middelaldersk preg. Kyrkja har ei svært smal opning inn i koret, noko som heng nøye saman med den katolske kyrkja før reformasjonen.


Øye stavkyrkje. Foto: Naturfokus.

Portalar, inventar og innskrifter

Stavkyrkja har kopiar av to middelalderske portalar (truleg frå 1100-talet) med rik dyreornamentikk og kapitel. Ein middelaldersk dørring sit på døra. På altaret står eit krusifiks frå 1200-tallet med ein Kristus-figur fra 1300-talet. Døypefonten av tre frå 1300-talet er svært uvanleg. Ein benk i koret i stolpekonstruksjon er kanskje frå middelalderen. Runer er påvist i kyrkja, ei av dei kan vera eit Maria-monogram. Ein slitt stein utanfor kyrkja kan ha vore ein altarstein. Han har ein liten fordjuping, kanskje for ein relikvie, med eit lite spor for lukking rundt kanten. Ei innskrift i kyrkja fortel om vigsling 10. september, men årstalet er ukjend.

3D presentasjon av kyrkja

Zo2 Framework Settings

Select one of sample color schemes

Google Font

Menu Font
Body Font
Heading Font

Body

Background Color
Text Color
Link Color
Background Image

Header Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Slider Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Inset Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Bottom Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image
Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image