Valdres

Lomen stavkyrkje

jul 14, 2014 Skrevet av 

Lomen stavkyrkje. Foto: Naturfokus.

Lomen stavkyrkje er datert til om lag 1192. Denne kyrkja er svært lik og truleg bygd kort tid etter Høre stavkyrkje. Den eldste mynten som er funne er datert til kong Sverre 1177-1202. Dette er ei søylestavkyrkje, med fire frittståande stavar eller søyler i kyrkjerommet, dei andre stavane endar på himlingsnivå. Søylene ber eit opphøgda midtparti. Stavane har kapitel midt på og ansiktsmasker øvst. Andreaskors og halvbogar bind stavane saman.


Ombygging i 1750


Interiør i Lomen stavkyrkje. Foto: Naturfokus.

Då fekk kyrkja nytt kor mot aust og vart også utvida vestover. Samstundes vart veggane i skipet flytte ut på svalgangen for å utvide kyrkjerommet. Då vart den halvrunde koravslutninga fjerna og taket løfta, nye vindauge vart sett inn, plankane vart lagt vassrett i ytterveggane og taket vart skifertekt. Stavkyrkja var for lita for eit aukande folketal.

Ut av fast bruk i 1914

I 1914 vart den nye Lomen kyrkje ferdig. No er stavkyrkja berre i bruk til bryllaup og gudstenester om sumaren, mellom anna ved Olsok. På dei middelalderlege delane av konstruksjonen, er nyare måling fjerna og dei er trekvite. Etterreformatoriske delar er framleis måla. Kyrkja, støpulen (klokketårnet) og kyrkjegarden er freda.

Portaar, låsbeslag, døypefont og kistel

Kyrkja har fleire middelalderlege portalar med treskurd og dyreornamentikk. Eit låsbeslag på vestdøra er frå middelalderen. Fleire delar finst på museum i Oslo og viser at kyrkja har hatt ein endå flottare vestportal. Av klebersteinsdøypefonten frå middelalderen, er berre foten take vare på. Ei middelalderkiste står ved veggen i koret. Her er ei magisk runeinnskrift som er nesten utviska.

Madonnahovudet på altaret

Dette er ein gipskopi av den vakre originalen frå 1200-talet. Hovudet har truleg vore ein del av ein heil figur. Maria har bølga hår og krone med fire takkar. Originalen er på Valdres Folkemuseum.

Zo2 Framework Settings

Select one of sample color schemes

Google Font

Menu Font
Body Font
Heading Font

Body

Background Color
Text Color
Link Color
Background Image

Header Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Slider Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Inset Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Bottom Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image
Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image