Valdres

Høre Stavkyrkje

jul 14, 2014 Skrevet av 

Høre stavkyrkje er frå om lag 1179, datert ved ei svært uvanleg runeinnskrift. Men her har det vore ei mindre kyrkje tidlegare, for den eldste mynten ein har funne under kyrkjegolvet er frå om lag 1100. Kyrkja er ei søylestavkyrkje med fire frittståande stavar i kyrkjerommet. Dei andre stavane endar på himlingsnivå. Stavane ber eit opphøgda midtparti, i dag dekka av ei himling.

 


Høre Stavkyrkje. Foto: Naturfokus.

Kyrkja utvida i 1822

Stavkyrkja vart endra i 1822 på same vis som Lomen og Hegge. Koret vart bygd nytt, den halvrunde koravslutninga bak altaret vart fjerna, kyrkja vart utvida mot vest, og veggane i skipet vart flytt ut på svalgangen for å utvide kyrkjerommet. Høre stavkyrkje er i vanleg bruk som soknekyrkje.

 

Runeinnskrifta med Erling Skakke og Nidaros

Runene på staven inne i preikestolen har ei spanande historie. Sagaen fortel at kong Sverre drog gjennom Valdres i 1177, på flukt frå Magnus Erlingsson. Elling, lendmannen på Kvie, hadde slutta seg til kong Sverre mot Magnus og far hans Erling Skakke. I 1179 fall Erling i slaget på Kalvskinnet i Nidaros, og då avgjorde Elling og broren Audun at dei ville byggje Høre stavkyrkje slik runene viser: «Den sumaren då brørne Elling og Audun hogg til denne kyrkja (fall) Erling i Nidaros».

 

Treskurd, andre runer og inventar

 


Høre Stavkyrkje. Foto: Naturfokus.

Høre stavkyrkje har ein rik treskurd frå middelalderen med draker og løver. Her er to portalar, stavkapitel og toppmasker, søyleportal og ein planke i korskillet. Den tidlegare takryttaren er no port inn til kyrkjegarden. Andre runeinnskrifter fortel om «Bård», «Åsgrim», «Sigrid» og «Gunne». På portalen mot veggen i våpenhuset, finst eit spesielt fint middelaldersk smijernsbeslag med underplate av messing. Dei liknar beslaga i Hedalen, Reinli, Lomen og i kyrkjer i Sogn, noko som strekar under at desse kyrkjene høyrer saman. Eit røykjelseskar frå middelalderen heng i koret. To klokker i tårnet er også frå middelalderen.

 

Gyda som utfordra Harald Hårfagre

Gyda frå Kvie, nabogarden til kyrkja, var dotter til kong Eirik av Hordaland. Det var ho som fekk Harald Hårfagre til å samle Norge til eitt rike. Ho vart oppfostra hjå ein storbonde i Valdres, på Kvie. Ho fekk Harald til å love at han ikkje skulle klippe hår eller skjegg, før han hadde samla heile landet. Fyrst avviste ho tilbodet frå kongen om giftarmål, men då han hadde gjort det ho forlangte, vart Gyda gift med Harald.

Zo2 Framework Settings

Select one of sample color schemes

Google Font

Menu Font
Body Font
Heading Font

Body

Background Color
Text Color
Link Color
Background Image

Header Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Slider Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Inset Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Bottom Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image
Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image