Valdres

Hegge stavkyrkje

jul 14, 2014 Skrevet av 

Hegge Stavkyrkje er ei søylestavkyrkje, men skil seg frå Lomen og Høre ved å ha åtte frittståande søyler i kyrkjerommet, fire på kvar side. Kyrkja har ei form noko mellom dei mangesøyla stavkyrkjene i Sogn og dei firesøyla i øvre Valdres. Ansiktsmaskene på søylene kan ein kanskje knytte til heidenske gudar?


Hegge stavkyrkje. Foto: Naturfokus.

Uklår eldste historie

Kyrkja er truleg bygd om lag 1216. Men døypefonten er frå 1100-talet. Kanskje sto kyrkja fyrst på Alvstad eller ho er bygd av to andre kyrkjer, på Alvstad og Lidar? Men Hegge kyrkje vert omtala skriftleg i 1327. Stavkyrkja har opphavleg hatt halvrund koravslutning (apsis) bak alteret, takryttar, svalgangar, runde glasgluggar, spontak og inngang frå vest og sør til skipet. Kyrkja er bygd om fleire gonger, særleg i 1844, og ser stort sett ut som Lomen og Høre stavkyrkjer. Eit nytt kor og våpenhus er bygd og veggane i skipet er flytta ut på svalgangen for å utvide kyrkjerommet.

Ansiktsmasker

Øvst på stavane (no på kyrkjeloftet) er ansiktsmasker. Ei av desse har eitt auge og det ligg nær å tenkje på Odin. Er ansiktsmaskene heidenske gudar som til straff for sitt forferdelege liv for evig og alltid er dømde til å bera vekta av taket?

Portalar, runer og inventar

Hegge stavkyrkje har to utskorne portalar frå middelalderen. Ei runeinnskrift fortel at «Erling Arnason rista desse runer». Døypefonten er av kleber i romansk stil frå Gudbrandsdalen, truleg frå 1100-talet. Eit røykjelseskar frå 12-1300-talet, kanskje hanseatisk, heng på veggen i koret. Eit stykkje av ein middelaldersk gravstein av kleber (hjulkors) er no i Oslo.

Altertavla frå 1782

Fire menn frå Hegge var i Gudbrandsdalen på fehandel og kom ut for uver i fjellet. Dei lova Gud høgt og heilagt at kom dei levande heim skulle dei kvar gje verdien av ei ku til Hegge kyrkje. Dei heldt lovnaden, tinga og betalte altertavla i Gudbrandsdalen, og drog ho heim på skikjelke. På vegen mista dei Judas, men han vart attfunnen utpå sumaren, noko falma.

doc_icon Sommarprogram 2008. "Frå fritid til høgtid".
doc_icon Tabell omvising

Zo2 Framework Settings

Select one of sample color schemes

Google Font

Menu Font
Body Font
Heading Font

Body

Background Color
Text Color
Link Color
Background Image

Header Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Slider Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Inset Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Bottom Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image
Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image