Valdres

Hedalen stavkyrkje

jul 14, 2014 Skrevet av 

Hedalen stavkyrkje er kanskje den eldste i Valdres i dag. Skipet er den eigentlege stavkyrkja, som var ei einskipa langkyrkje med stavar eller søyler i hjørna og svalgangar utanfor. Hedalen stavkyrkje har uvanleg mykje katolsk inventar, mellom anna eit relikvieskrin. Av slike finst det berre nokre få i Norge.


Hedalen stavkyrkje. Foto: Naturfokus.

Ei gamal lovekyrkje

Kyrkja er frå om lag 1163. Myntar funne under golvet er frå kong Sverre 1177–1202. I 1699 vart kyrkja bygd om til korskyrkje med tverrskip og langkor i lafta tømmer. Hedalen stavkyrkje var i gamal tid ei lovekyrkje eller votivkyrkje, ei kyrkje som ein gav gåver til, i bøn om hjelp eller med takk for hjelp, særleg ved Hedals-messene 24. juni eller 29. september. Kyrkja er i vanleg bruk som soknekyrkje.

Portal med drakar og ranker

Hovuddøra mot vest har ein portal med drake- og rankeornamentikk frå sist på 1100-tallet. Drakene er symbol på dei vonde makter som ein legg bak seg utanfor gudshuset. Døra har smijern frå middelalderen. I svalgangen er fleire runeinnskrifter.

Relikvieskrinet

Dette er kyrkja sitt fremste klenodium. Skrinet er av tre, med forgylt kopar, frå om lag 1250. Figurgrupper viser Kristus, Maria, Johannes, St. Jacob, St. Thomas (Becket), St. Olav og St. Peter. Det finst berre få slike skrin i Norge. Den originale båra til skrinet er take vare på, den einaste i sitt slag.

Hedalsmadonnaen

Denne Maria-skulpturen frå midten av 1200-talet, har før stått midt på altarskapet. Figuren er eit av dei finaste kunstverk frå norsk middelalder.

Anna inventar frå middelalderen

Kyrkjemodellen (sakramenthuset) høyrer også eigentleg saman med altarskåpet og har eit kvinnehovud på toppen av hovedtårnet. Altertavla er eit gotisk altarskåp som truleg vart endra i 1699 og måla i 1769. Krusifikset på altarskåpet er frå ca. 1260–1280. Døypefonten i romansk stil, er av kleber, med lokk frå om lag 1250. Røykjelseskaret er frå om lag 1200 og kysseplata er frå om lag 1200–1250. Kyrkja har to klokker fra middelalderen, og ei messeklokke over korskiljet.

Bjørneskinnet

I sakristiet heng eit bjørneskinn knytta til ei segn om at Hedalen var heilt avfolka etter Svartedauden. Ein skyttar fann att kyrkja i skogen og skaut ein bjørn framfor altaret. Denne vandresegna finst ved fleire andre kyrkjer. Hedalen var ikkje folketom. Kanskje var bjørneskinnet eit uvanleg golvteppe for presten foran altaret.

 

Zo2 Framework Settings

Select one of sample color schemes

Google Font

Menu Font
Body Font
Heading Font

Body

Background Color
Text Color
Link Color
Background Image

Header Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Slider Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Inset Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Bottom Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image
Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image