Valdres

Stavkyrkjedalen Valdres

jul 14, 2014 Skrevet av 

Middelalderen og kristninga

Middelalderen i norsk historie vert oftast omtala som tida mellom kristninga av landet rekna frå slaget på Stiklestad i 1030, og fram til reformasjonen i 1537. I denne tida var Norge eit katolsk land. I Valdres må vi likevel gå litt lenger attende og ta med at Valdres vart kristna i 1023. Snorre Sturlason fortel at Olav den Heilage brende ned gardar og tok gislar av bøndene, før dei let seg kristne. Han skriv også at kongen let byggje kyrkjer og innsette prestar.

Gudehova og dei fyrste kyrkjene

Heidenske gudehov er ikkje dokumentert arkeologisk i Valdres. Men ut frå ein del spesielle gardsnamn, til dømes Hovi, kan det sjå ut til at nokre kyrkjer er bygd nær ein stad for heidensk gudsdyrking, kanskje eit gudehov? Dei fyrste kyrkjene har vore såkalla jordgravne eller stolpe-kyrkjer, det vil seie at stolpar og plankar vart sett rett ned i jorda. Etter ei tid rotna treverket nedanfrå og kyrkjene måtte skiftast ut. I denne tida frå 1150 til Svartedauden i 1349, kom dei stavkyrkjene vi kjenner til i dag. Denne byggemåten var vanleg i Nord-Europa og Russland og vart vidareutvikla og forbetra til den stilen vi i dag reknar som typisk norsk. Noko av det viktigaste i Norge er at veggane vart løfta opp frå bakken og sett på vassrette grunnstokkar (syllstokkar). Kyrkjene vart meir varige, og det saman med klima og gode byggemateriale, har gjort at så mange har halde seg heilt til våre dagar.

Valdres har flest stavkyrkjer

Nesten ein femdel av dei bevara stavkyrkjene i Norge i dag står i Valdres, seks av 28 kyrkjer. Dei er både bygningsmessig og med omsyn til dekorasjonar, i slektskap med stavkyrkjene i Sogn. Vegen over Filefjell mellom Sogn og Valdres, var den viktigaste ferdselsåra over land mellom Bergen og Oslo alt den gong. Kulturimpulsar og rikdom utanfrå, kom i stor grad langs den noverande stamvegen E-16, som har lange tradisjonar. Handel med ”valdres-jern” skapte også rikdom. Det er såleis ikkje rart at Valdres har tre steinkyrkjer frå middelalderen, dels i engelsk, dels i kontinental stil. Desse kravde meir fagkunnskap, men utvikla seg elles side om side med stavkyrkjene med nokre særdrag som kjem av materialane.

Mange kyrkjer i Valdres i dag

Valdres hadde ein «norgesrekord i kyrkjetettleik» i middelalderen og har det framleis i dag, utanom byane. Før Svartedauden i 1349 må folketalet i Valdres ha vore om lag 3-4000 menneske. Etter pesten levde det att om lag 1200 menneske. Likevel hadde Valdres 21 sikre kyrkjer, av desse 18 stavkyrkjer og tre steinkyrkjer. Hallingdal hadde til samanlikning åtte stavkyrkjer og ingen steinkyrkjer. I dag har Valdres 35 kyrkjebygg, medan Hallingdal har 18. Dei to dalføra har alltid hatt eit nokolunde samanliknbart folketal.

Valdres høyrde til Vestlandet

I gamal tid var Valdres ein del av Gulating. I kyrkjeleg samanheng høyrde Valdres frå 1070 til Selje (Bjørgvin), men frå 1125 til 1631 til Stavanger bispedøme. Tre kyrkjer i Valdres har eigne skytshelgenar: St. Maria i Slidredomen, St. Blasius i Volbu kyrkje og Thomas Becket i St. Thomas-kyrkja på Filefjell.

Den gamle pilegrimsvegen

Denne vegen frå Hedalen stavkyrkje til St. Tomas-kyrkja på Filefjell, er no gjenopna og merka. Ein kan gå vegen på 7-8 dager, til saman om lag 162 km. Vegen går forbi stavkyrkjene i Reinli, Lomen, Høre og Øye og steinkyrkjene i Ulnes, Mo og Slidre. Det er fellesvandringar kvar sumar, men det er også mogleg å vandre på eiga hand. Ei guidebok «Pilegrim i Valdres» kan du få kjøpt.

Samlingstader for bygdefolket i hundrevis av år

Slik var det for kyrkjene fyrst i den katolske tida frå 1023 og så i evangelisk-luthersk tid frå 1537. Her har vore messer i sorg og glede, her døypte folk ungane sine, her gifta dei seg og her fylgde dei familie og sambygdingar til grava. Forfedrane våre hadde god sans for val av kyrkjestad, som augemerke midt i bygda, godt synleg og vakker. Overalt søkte ein ro og vidt utsyn frå kyrkjebakken. Det var viktig at kyrkja tok seg vakkert ut på lang avstand, som eit verdig midtpunkt. Mellom låge gardsbygningar var kyrkja noko som peika oppover mot himmelen og som løfta folk ut av den travle kvardagen. Det er desse vakre kyrkjene frå middelalderen vi her vil få vise fram. Velkomen til stavkyrkjedalen Valdres.

 Klikk her for å laste ned Stavkirkeguiden i PDF-format (3 mb)

Zo2 Framework Settings

Select one of sample color schemes

Google Font

Menu Font
Body Font
Heading Font

Body

Background Color
Text Color
Link Color
Background Image

Header Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Slider Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Inset Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Bottom Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image
Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image