Valdres

Nasjonal turistveg

mai 07, 2013 Skrevet av 

Valdresflye – nasjonal turistveg!

Valdresflye II

Snøen ligg lenge utover sommaren langs Valdresflyvegen. Her eit parti mot Bitihorn. Foto: Nils Rogn

Vegen over Valdresflye er ein av 18 Nasjonale turistvegar. Dette er utvalde kjøreruter gjennom det flottaste av norsk natur. Du finn også mykje informasjon om vegane på nettsida Nasjonale turistveger.

Med status som Nasjonal turistveg for fylkesveg 51 over Valdresflye, har Valdres kome på kartet over dei flottaste kjørerutene gjennom norsk natur. Denne fjellovergangen mellom Gudbrandsdalen og Valdres når opp i nesten 1400 moh., og har ei rekkje fjell og tindar over 2000 meter tett innpå.

Fylkesveg 51 som vegen heiter, går heilt over til Hallingdal og byr på svært mange opplevingar og mulegheiter både for store og små. Langs denne "Opplevelsesvegen" finn du ei rekkje aktivitetar, fleire flotte utgangspunkt for fot- og sykkelturar, stølar å besøke, båttur med båten "Bitihorn" frå Bygdin to gonger dagleg i sommarsesongen (vanlegvis frå fyrst i juli til ut i september), eit imponerande designhotell og lokale matrettar som du både kan få servert og kjøpt.

Visste du at det i Valdres blir produsert bortimot 150 lokale produkt gjennom eit år? Mange av dei er sesongavhengige, og representerer mangfaldet av naturlege og reine råvarer frå Valdres.

Kurv (spekepølse), spekemat, ostar, kjøt av lam, hjort, rein og elg, fjellaure, te av reinrot, øl, flatbrød, fjellsmør, seterrømme, sjokolade og lokalprodusert gardsis er nokre døme på lokal tradisjonsmat.

Langs denne ”Opplevelsevegen” har me valt ut nokre stader som er vel vert eit besøk.

På toppen av Valdresflye ligg det gamle ungdomsherberget (1389moh). Her finn du på vestsida av vegen fleire lett tilgjengelege totusen meters toppar, og etterpå får du verdens beste vaflar på vandrarheimen.

Bygdinstøga ved austenden av Bygdin byr på gode lokalretter. Fisk frå Bygdin er kafeens smaksrett nr. 1, saman med andre lokale rettar som rømmegraut. Kafeen vart opna i 2011.

Frå Bygdin kan du ta ein avstikkar innover Jotunheimvegen, og det idylliske stølslandskapet langs vatnet Vinstre. Frå Beitostølen kjører du Slettefjellvegen gjennom Beitobygda og over til Vang. Då får du kjensla av å vera på Norges tak.



Restauranten Bare Kos som ligg midt i sentrum av Beitostølen, serverer lokale, tradisjonsrike rettar som set smakssansane i sving. Her er utsøkte matretter, og kanskje får du smake husets eigen spekepølse?



Olestølen er ein av mange stølar i Valdres. Valdres er den største stølsregionen i Nord-Europa. Her, like ved Beitostølen, kan du oppleve ekte stølsliv og stølsglede med eigen stølsbutikk og riding.

Moahaugen Gard ligg i Heggenes sentrum. Ein stor gardsbutikk der kurv (spekepølse), spekemat, stølsrømme, fjellsmør, lam, hjort, rein, ostar frå Valdres og Gards-Is frå Etnedal er noko av det gardsfrua, Bente, byr fram. Smakene av Valdres får du her. Gardsutsalet er oppe alle dagar i sommarsesongen. Ring gjerne gardsjenta Bente for ein avtale slik at du er sikker på at ho er heime på garden - tlf. 99536004.



Noraker Gård sin spesialitet er rakfisk. Denne har dei vunne mange prisar på. Du får no rakfisk heile året i gardsutsalet på Noraker. Dette utvidar i 2013 til eit store utsal, som er planlagt med servering frå 2014.

Gards-Is frå Valdres får du på garden Moahaugen. Denne er så fyldig og god at han passer for eit kvart kongeleg bord. Her får smakssansane ganen til å løpe løpsk med ein is frå 100% reine råvarer. Smak også den nye Cognac-isen frå Gards-Is.

Dersom du kan tenke deg å overnatte på eit spesielt designhotell langs ”Opplevelsevegen” - kan Herangtunet tilrådast. Dette "vesle hotellet" er ei stor oppleving i seg sjølv, og i tillegg til spesielt designa overnattingsrom får du også servert lokale matrettar.Ikke bare en veg, men en opplevelsesveg – Valdresflye – med toppunkt 1389 moh.



Det er minst 52 gode grunnar til å velje Valdres. Følg også med på gode turforslag i Valdres - www.valdres.no/tur

Besøk gjerne ein av våre populære festivalar. 
Reiselivsinformasjon om Valdres finn du her.

Opplevelsesvegen i sanseriket VALDRES

Sist redigert torsdag, 02 oktober 2014 12:26
Zo2 Framework Settings

Select one of sample color schemes

Google Font

Menu Font
Body Font
Heading Font

Body

Background Color
Text Color
Link Color
Background Image

Header Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Slider Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Inset Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Bottom Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image
Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image