Valdres

Regional landbruksrådgjevar

mai 07, 2013 Skrevet av 

Den regionale landbruksrådgjevaren, Guri Grønolen, sorterer under Fylkesmannen i Oppland, landbruksavdelinga (www.fylkesmannen.no/oppland) og har kontor saman med Valdres Natur- og Kulturpark.

Mål

Målet med den regionale landbruksstillinga er å utnytte Fylkesmannen sin kompetanse og kapasitet best mogleg for regional utvikling. Fylkesmannen i Oppland har totalt seks regionale medarbeidarar plassert i ulike delar av fylket og får på denne måten sjanse til å prioritere oppgåver av regional tyding.

Premiss for regionstillinga

Regionstillinga skal ha klart definerte oppgåver og ha rom for å vera lyttepost for lokale behov og ”startmotor” for utviklingsaktivitet. Les meir om OFK`s satsing i regionane her - Fylkesnytt fra Oppland 1/2009

Rammer for regionstillinga i Valdres

    •    Arbeidsområde: 

Generelt: Regionstillinga skal arbeide med næringsutvikling i landbruket og landbruksrelaterte næringar.
 Spesialområde: Regionstillinga har stølsdrift som spesialområde, og løyser her oppgåver som gjeld heile fylket.

    •    Roller
: Regionstillinga skal vera initiativtakar, startmotor og tilretteleggjar for ulike utviklingstiltak. Regionstillinga kan ha roller som t.d. koordinator, prosjektleiar, medlem av arbeidsgruppe og styringsgruppe, og representerer då Fylkesmannen. 

    •    Arbeidsform
: Regionstillinga arbeider prosjektretta og skal ikkje ha kommunale forvaltningsoppgåver. Regionstillinga skal vera deltakar i aktuelle nettverk og sjølv bidra til nettverksbygging for å dele kompetanse, oppnå betre resultat og fange opp nye signal. 

    •    Rutinar
: Kommunane i regionen og Fylkesmannen i Oppland har årleg møte for å planlegge, følgje opp og evaluere samarbeidet om regionstillinga.

Følgjande oppgåver er prioritert i 2014:

    •    Stølsprosjektet i Oppland
    •    Reiselivskontakt i Oppland
    •    Prosjekt ”Gards- og stølsturisme i Valdres”
    •    Fyrtårnprosjekt innan gards- og stølsturisme i Valdres
    •    Landbruksdagen i Valdres.
    •    Landbruksforum i Valdres (medlem)
    •    Bygdeforsknings reiselivsforum (medlem)
    •    Rekruttering, utdanning og likestilling i landbruket

Landbruksrådgjevaren samarbeider tett med Valdres Natur- og Kulturpark og aktuelle prosjekt i regionen.

Kontakt:
Overingeniør Guri Grønolen

Tlf.: 61 35 94 55

E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Adresse: Valdres Natur- og Kulturpark, Skrautvålsvegen 77, 2900 FAGERNES

Sist redigert onsdag, 29 januar 2014 14:49
Zo2 Framework Settings

Select one of sample color schemes

Google Font

Menu Font
Body Font
Heading Font

Body

Background Color
Text Color
Link Color
Background Image

Header Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Slider Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Inset Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Bottom Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image
Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image