Valdres
Feil
  • Feil ved lasting av datamating

Lokalmat frå Valdres

mai 07, 2013 Skrevet av 

Lokalmat frå Valdres

Vi har spanande lokalmat å tilby den moderne forbrukar i Valdresregionen. Det ikkje nok at produktet er velsmakande og næringsrikt, det skal i tillegg fortelja ei spesiell historie. Valdreskulturen er eit skattkammer i så måte.

Grunnlaget for den gode maten i Valdres er gode råvarer, ein oppskriftstradisjon med stort mangfald, eit framifrå handtverk og rause porsjonar.  Men det er òg ei utfordring å utvikle denne rike matkulturen med ny kunnskap for ei ny tid. Dette tek matprodusentane i Valdres på alvor.

Merkeordninga Valdreskvalitet

valdreskvalitetI Valdres satsar ein på å bygge ein høg kvalitetsprofil for mat frå dalføret vårt. Bak denne satsinga står ei lang rekkje gardsbruk og mange mindre og større matbedrifter i regionen. Interessa for god og variert mat med regional identitet har auka dei siste åra, og Valdres har svært mykje by på.

Merkeordninga gjev deg som forbrukar ein garanti for at matvarene held den kvaliteten du forventar å få her i dalen: Rakfisk, spekeskinke, kurv eller spekepølse i mange variantar, flatbrød, ulike ostar og andre mjølkeprodukt. Kjøt frå gardsbruk som tek kulturlandskap og stølstradisjonar på alvor, ja, til og med øl frå eige bryggeri kan ein få kjøpt med kvalitetsmerke frå Valdres.

Ved å velje produkt med denne merkinga, kan du vera trygg på høg kvalitet, samstundes som du støttar eit miljøvennleg småskala landbruk som skjøttar ein rik kulturarv, viktig for oss alle.

Valdreskvalitet SA

Valdreskvalitet SA samlar mange av produsentane av lokalmat og ei lang rekkje gardsbruk i Valdres. Valdreskvalitet SA vart utvida og styrka ved at Valdres Matforum BA våren 2014 vart innlemma i organisasjonen.  

Oppgåver:
-    Styrke økonomien i produksjon, foredling og sal av mat frå Valdres
-    Felles kvalitetsnorm og merkevareprofil og sørge for nødvendig oppfølging og kontroll
-    Aktivitetar innan produktutvikling, sal og marknadsføring
-    Arbeide for å få mat  med regional identitet og lokale mattradisjonar inn i handel/reiseliv
-    Kompetansebygging
-    Ivareta deltakaranes interesser

Valdresgildet

Valdresgildet blir arrangert rundt siste helga i mai med lokalmaten i fokus. Dette er tida då den heimelaga kurven (spekepølsa) er klar for smaking, og sentralt i Valdresgildet er kåringa av dei beste kurvane

Linkar:
Mat og drikke fra Valdres
Rakfisk frå Valdres

Kurv frå Valdres

Valdres Gardsis

Restauranter og spisesteder i Valdres

Valdres lokalmat kjøp og salg - Facebookside

Sist redigert fredag, 26 september 2014 15:36
Zo2 Framework Settings

Select one of sample color schemes

Google Font

Menu Font
Body Font
Heading Font

Body

Background Color
Text Color
Link Color
Background Image

Header Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Slider Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Inset Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Bottom Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image
Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image