Valdres
Feil
  • Feil ved lasting av datamating

Gard og støl

mai 07, 2013 Skrevet av 

Det stolte stølslivet

Stolsveko LieLukter frå då du var liten 
Du har sikkert opplevd det mange gonger: Du kjenner plutseleg ei duft som kiler seg inn i naseborene dine. Og med eitt er du sett attende til lange, solrike somrar på landet, eller ein søndagsmiddag hjå bestemor. Minnedufter som får oss til å drøyme tilbake til den gong sommaren vara evig, Ønskekonserten var samlingspunktet, og bekymringar berre var noko dei vaksne dreiv med.

Du er 38 år no, eller kanskje 78? Plutseleg kjem dei nydelege duftene tilbake. Gjerne saman med kjente lydar som også vekkjer gamle minne: Sommaren på setra – eller stølen som vi seier i Valdres. Smaken av spenevarm mjølk, dufta av rømmevaflar med brunost og nyslege gras. I det fjerne høyrer du bjøller frå dyr på veg heim til raske hender som skal lette på trykket i mjølkestinne jur.

Telemarkskyr.Livet på stølen er ofte som å stille klokka tilbake til då livet gjekk utan nettopp klokka. Den gong det var opp med sola, og i seng utan kveldsnytt og utan siste melding på fjesboka. Stølsdrifta er tilpassa moderne tider, men det sterke og tette forholdet mellom menneske, dyr og natur er uendra. Her kan du kose med kyr, kalvar, sauer og kattar. Kanskje er geiteflokken også komen heim for mjølking ….

Er du heldig, får du kanskje vera med å koke brunost. Kvikako skal steikjast – og heilt sikkert både lomper og vaflar. Nykinna smør og ekte stølsrømme har sin heilt særeigne smak. Det kan du også seia om heimelaga spekepølse – ”kurv” som det heiter i Valdres. Utanfor døra veks det gjerne rabarbra og urter i mangfald. Karve til pultosten, einerbær til sausen. Og graslauk, kvann og bergmynte. Dufter og smakar som slåst om merksemda.  

Ingen region har fleire stølar enn Valdres. Det er vi stolte av. Og vi er glade i stølane våre. Dra på dagsbesøk, overnatt eller ferier på ein støl. Du kan også gå eller sykle i stølsområda. Dét blir det gode minne av. Minne som held på fargane sine. Og på duftene …

Sist redigert fredag, 26 september 2014 15:43
Zo2 Framework Settings

Select one of sample color schemes

Google Font

Menu Font
Body Font
Heading Font

Body

Background Color
Text Color
Link Color
Background Image

Header Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Slider Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Inset Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Bottom Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image
Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image