Valdres

Verneområde

mai 07, 2013 Skrevet av 

Verneområde i Valdres

Jotunheimen Nasjonalpark (Vang)

Jotunheimen nasjonalpark er med sine 1 155 km² ein avlandets største nasjonalparkar.Han er delt mellomkommunane Lom,Vågå, Luster, Årdal og Vang (36 km²).Føremålet med nasjonalparken er å verne eit vilt, eigenarta,akkert og i stor grad urørt fjellandskap med dyre- og plantelivpå overgangen mellom austlandsk og vestlandsk fjellnatur.I nasjonalparken skal det innafor visse rammer vere høve tillandbruk, friluftsliv, jakt, fiske, undervisning og forsking. Vest for Tyin gårnasjonalparken over i Utladalen landskapsvernområde.

Uri barskogreservat (Vang)

Reservatet er ein furuskog på 169 dekar på vestsida av Leineåne på Vennis. Skogen ligg sørvendt på ein åsrygg og er relativt open. Mange plassar er det spor etter tidlegare skogbrannar. Delar av reservatet består av den sjeldne og næringskrevjande kalkfuruskogen. Stadvis er det opne kalktørrbakkar.

Smådaladn naturreservat (Vang)

Reservatet er på 32 214 dekar og har eit ope og særmerkt landskap. Det er naturhistorisk interessant med viktige kvartærgeologiske formelement i terrassar og ryggar med morenemateriale.

Helin plantepark (Vang)

Eit område på 28 758 dekar på austsida av Helin vart alt i 1930 freda for si unike planteprakt. Dei solrike sørvestlege rasmarkene med næringsrik fyllitt gir gode veksthøve for ein uvanleg rik fjellflora. Her veks den særs sjeldne urvalmua, lokalt kalla "Helerosa". Planta er berre funne to plassar i heile verda, ved Helin og i Indre Sogn. I planteparken veks også fleire andre sjeldne planteslag.

Tøso edellauvskogsreservat (Vang)

Reservatet er på 44 dekar og er ein alm- hasselskog på nordsida av Vangsmjøse. Skogen ligg som ein frodig oase oppunder bratte berg. Eit gunstig lokalklima og særs godt jordsmonn gir vekstvilkår for ei rekke sjeldne og næringskrevjande planter.

Øynadn naturreservat (Vang/Vestre Slidre)

Øynadn ligg i kommunane Vang og Vestre Slidre. Området på 2 736 dekar ligg om lag 870 moh., og er eit typisk elvelandskap med vatn, grunne tjern, loner, bekkar, myr, sump, mudderbankar, vierkratt og fjellbjørkeskog. Føremålet med vernet er å ta vare på eit stort og variert våtmarksområde og verne om eit rikt og interessant fugleliv, særleg av omsyn til hekkande vassfugl.

Lomendeltaet fuglefredingsområde (Vang/Vestre Slidre)

Fuglefredingsområdet ligg i kommunane Vang og Vestre Slidre. Reservatet er på 957 dekar og ligg på elvedeltaet der Begna renn ut i Slidrefjorden. Lomendeltaet er ein viktig rasteplass for trekkande vassfugl på våren, då fleire hundre ender og vadefugl rastar i gruntvassområda og på mudderbankane. På sumaren hekkar noko vassfugl og på hausten rastar tidvis mange ender i området.

Sanddalstjedn naturreservat (Øystre Slidre)

Freda i 1990. Reservatet er på 2 956 dekar og ligg på nordsida av Vinstervatnet og er eit våtmarksområde. Heile reservatet omfattar Sanddalstjedn, fleire småtjedn, dammar, myr, sump og sumpvegetasjon med naturlege kanalar. Området har ein stor biologisk produksjon er eit viktig rasteområde for trekkfuglar, spesielt om våren.

Begna barskogsreservat (Nord-Aurdal/Sør-Aurdal)

Oppretta i 2005. Reservatet dekker eit totalareal på 4 696 dekar. Anslagsvis 28% av naturreservatet ligg i Sør-Aurdal, resten ligg i Nord-Aurdal kommune. Føremålet med fredinga er å bevare eit forholdsvis urørt skogområde som økosystem med alt naturleg plante- og dyreliv. Området har ein særskilt vitskapleg betyding som leveområde for ein svært interessant kryptogamflora (sporeplanter) med viktige førekomstar av sjeldne og trua artar, der særlig den store førekomsten av ein spesiell lavart er svært verdifull (Evernia Divaricata). Området er eigenarta fordi det er eit relativt stort, lågareliggande naturskogområde, med stor variasjon i naturmiljø, skogtypar og vegetasjonstypar. Skogen er stadvis svært gamal, slik at vi kan finne fleire artar som treng gamal ved for å leve. Området er mellom anna levestad for fleire spettar, ugler og andre arter som lever eller hekkar i holrom i trea.

Fodnesåsen barskogsreservat (Nord-Aurdal)

Freda i 1993. Området på 1 359 dekar ligg på åsen like nordvest for Fagernes. Området utgjer eit slakt toppområde og bratte lier med kalkrik skifer (fylitt). Skogen er i hovudsak gran, og botndekket består i store delar av skogen av både nærings- og varmekrevjande vegetasjon som elles er sjeldan å finne i Valdres.

Skjellingshovde barskogreservat (Sør-Aurdal)

Oppretta i 2008, og dekkar eit totalareal på ca. 28,5 km2. Anslagsvis 80% av naturreservatet ligg i Sør-Aurdal, resten ligg i Nordre og Søndre Land kommunar. Føremålet med fredinga er å bevare eit skogområde som økosystem med alt naturleg plante- og dyreliv. Av spesielle kvalitetar kan nemnast at området er eit av de få attverande, større, samanhengande og godt arronderte område med gamal naturbarskog i Noreg, utan tekniske inngrep av vesentleg omfang. Området har ein variasjon i natur-, skog- og vegetasjonstypar som gjer det representativt for barskogen i regionen.

Vassfaret og Vidalen landskapsvernområde (Sør-Aurdal)

på 200 519 dekar vart oppretta 28. juni 1985. Ca. 54% av området ligg i Sør-Aurdal kommune, medan om lag 34% ligg i Flå, 6% i Nes og om lag 6% i Ringerike kommune i Buskerud fylke. Verneområda strekkjer seg ca. 50 km frå Bukollen i sør til Strøen i nord, og alt er privat eigedom som i hovudsak består av barskog. Området er karakteristisk for indre delar av Austlandet med mange kulturhistoriske verdiar.

Området har i mange hundre år vore nytta til skog og jordbruk, beite, jakt, fiske og friluftsliv, og inneheld særs mange spor og minne etter skogbruk og tømmerfløting i kombinasjon med gardsbruk. Funn syner at det har vore verksemd i Vassfaret sidan før Svartedauden (år 1349).

Bruka i Vassfaret var særs små og fungerte som naturalhushald saman med skogsdrifta. Fløteanlegget i Vassfaret er einaste anlegg i Noreg som framleis er i bruk på Vassfarbrøtningen i mai. I tillegg til at Vassfaret er viktig for natur- og kulturopplevingar, er området eit viktig leveområde for planter og dyr. Det var fast busetting frå midten av 1700-talet til 1921. Rundt 20 - 30 stølar har vore i bruk, og det finst restar etter 12 gardsbruk og buplassar. Bjørke, Vassfarplassen og Olsonheimen er dei best kjende.

Til natur og folk i Vassfaret og Vidalen er det knytte mange historier og segn. Forfattarar som Mikkjel Fønhus, Per Hohle og Edvard Elsrud har henta litterære motiv frå Vassfaret og Vidalen. Inne i landskapsvernområdet ligg Bukollen-, Godmatdalen-, Middagsknatten-, Søndre Dyrholknatten-, Nørre Dyrholknatten-, Festningen-, Aurdalseterberga- og Nevlingkollen naturreservat.

Langetjedn naturreservat (Etnedal)

ved Gamlestølen, vart freda i 1990. Reservatet er på 594 dekar og består av eit grunt tjern omkransa av sump og myr. Området er ein viktig hekkeplass for ender og vadarar. I tillegg til at det er eit viktig fugleområde veks det sjeldne plantar i området. Myra er mest flatmyr med fattig eller mellomrik vegetasjon, men her finst også næringsrik bakkemyr.  

Langsua nasjonalpark

Langsua nasjonalpark vart oppretta 11. mars 2011, og er ei utviding av den tidlegare Ormtjernkampen nasjonalpark. Den nye nasjonalparken er på ca. 537 kvadratkilometer, og går inn i Øystre Slidre og Nord-Aurdal kommunar. Skaget (1685 moh.) er høgaste punkt. Les meir her.

I Langsua nasjonalpark finn du lågfjellsnatur med gamle barskogar, frodige bjørkelier, rasmarksområder og store vidder med myrar og våtmark. Her kan du oppleve villmark som praktisk talt ikkje er berørt av moderne tekniske inngrep, der skogen kan kallast urskog. Dei mange vide, opne myrane og våtmarkene, som ligg langt unna vegar, kraftliner og busetnad, kan gje heilt spesielle naturopplevingar. Folk har brukt desse områda i uminnelege tider. Mange stader ber landskapet spor etter beitebruk gjennom setring og fedrifter.

Sjå bildepresentasjon her.

Sist redigert torsdag, 24 april 2014 15:14
Zo2 Framework Settings

Select one of sample color schemes

Google Font

Menu Font
Body Font
Heading Font

Body

Background Color
Text Color
Link Color
Background Image

Header Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Slider Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Inset Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Bottom Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image
Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image