Valdres
Feil
  • Feil ved lasting av datamating

Kulturlandskapet

mai 07, 2013 Skrevet av 

Kulturlandskapet

Med kulturlandskap meiner vi eigentleg alle spor etter menneskeleg påverknad i naturen. I Valdres er det ikkje så mange stader du kan gå utan at du møter ein eller annan form for menneskeleg påverknad, anten det er eit kulturminne, husdyrbeiting eller jordbruk.

Sjølv om det med første augnekast ser ut som villmark, kan det godt hende du finn felæger, bogestiller eller dyregraver i valdresfjella. I mange fjellområde kan du også finne kolgroper og spor etter jarnutvinning. Kulturlandskap kan også omfatte bylandskap og tettstader som Fagernes. ”Kulturlandskap” er derfor eit vidt omgrep, men i denne teksten nyttar vi berre” kulturlandskap” om jordbrukets kulturlandskap. Ofte er dette landskapet ikkje berre påverka av, men også avhengig av menneskas bruk fordi det et økologisk ustabilt. Når påverknaden frå menneske opphøyrer, vil landskapet gradvis gå tilbake til naturtilstanden. Det kan vera vanskeleg å førestille seg ein by gå over til ”naturtilstanden”. Det er faktisk mogeleg, det treng berre lengre tid.
Vi reknar med at jordbruket i Noreg har ei 5 000 år gamal historie. Pollenanalysar frå Slidreåsen syner at det var beitande husdyr der allereie i perioden 2 800–2 000 f.Kr. Det er også funne ein del jordbruksreiskap av stein frå tida før jarnalderen i Valdres, men det er uvisst kor gamle dei er.

Kulturlandskapet i Valdres

Kulturlandskapet i Valdres ber tydeleg preg av at husdyrdrift har vore sjølve livsgrunnlaget for menneska i fleire hundre år. Gardane er små, men beiteområda store. Berggrunn, jordsmonn og vasstilgang gjev mange stader gode tilhøve for godt beite
Rundt garden ligg jordene som skal sørgje for vinterfôret til dyra. Tidlegare, då det var knappare om fôrressursane, beita dyra sjeldan på innmarka. Dei vart sendt opp i heimebakkane gjennom ei ”gøte” opp frå garden. Ofte vart dei fylgt ev ein gjetar som passa på at dei held seg unna dei beste slåtteliene. Korleis graset har vore nytta kan vi ofte sjå ut i frå artssamansetnaden i enga.
Når graset vart grønt nok, flytta husdyra til vårstølen. Mange hadde fleire vårstølar og hauststølar (heimstølar) dei flytte til etter kvart som beitet endra seg.. Etter eit par månader på langstølen lengst inne i fjellet, bar det ned til hausstølen, før dei enda opp på garden for vinteren.
Det er med andre ord graset som har bestemt livsmønsteret til menneske og dyr. Valdres har ikkje same barskogsbeltet som mange andre stader på Austlandet, slik har beitene vore meir tilgjengelege. Samstundes har det heller ikkje vore så bratt som lenger vest i Noreg, slik at overgangen frå gard til støl har vore ”flytande”. Derfor kan du i Valdres finne spor etter heimstølar og utslåtter heile vegen frå gard til fjell.

Biologisk mangfald

I det kontinuerlege samspelet mellom menneske, dyr og natur har det utvikla seg eigne artar og artssamfunn. Fleire artar og spesielle variantar av artar i kulturlandskapet, krev kontinuerlig beiting i fleire hundre år for å etablere seg! Ofte er også artsrikdomen av planter høgare i kulturlandskap enn i naturtilstanden.
Alle kommunane i Valdres har registrert biologisk mangfald, og det er funne mange område som både har stor artsrikdom og som inneheld sjeldne og truga artar. Tilhøva i Valdres er stadvis svært gode med god tilgang på vatn samstundes som bergrunnen er næringsrik. Dette saman med fleire hundre års beiting, gjev eit kulturlandskap med ein heilt eigen artssamansetnad. På Stølsvidda i Nord-Aurdal kan vi finne enger av ballblom og dunhavre, og mykje av dei raudlista (nasjonal liste over truga og sårbare artar) plantene bakkesøte og marinykkjel. I Vestre Slidre har vi fleire lokalitetar med freda artar som haustmarinykkjel, medan Vang har gode førekomstar av den raudlista fjellnøkleblom. Mange insektartar er avhengige av spesielle planter i kulturlandskapet. I Vang vart det i 2004 og 2005 funne fleire nye insektartar for Noreg!

Admiral

I Etnedal er det fleire lokalitetar med skjeggklokke. Skjeggklokka liknar på ei lodden blåklokke, og har sin einaste kjende norske førekomst i desse traktene. I Nord-Europa er den kjend frå Dokka, Etna og Gausdal. Næraste veksestad derfrå er Alpane.
Dei artsrike kulturlandskapa har etter kvart vorte svært sjeldne. Heile 30 prosent av dei truga artane i Noreg ligg nettopp i jordbrukets kulturlandskap. Biologisk mangfald er noko som ikkje berre vi, men og det internasjonale samfunnet, er einige om at er verdifullt.

Kulturminne

Kulturminne som skålgropsteinar, steingardar, stignett, tufter, stakkstøer, rydningsrøyser og utslåttar som ligg i kulturlandskapet, fortel oss mykje om samspelet mellom menneske og natur gjennom hundrevis av år. Les meir om kulturminne under tema kulturminne.
Børhusstølen

Sist redigert torsdag, 06 november 2014 15:49
Zo2 Framework Settings

Select one of sample color schemes

Google Font

Menu Font
Body Font
Heading Font

Body

Background Color
Text Color
Link Color
Background Image

Header Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Slider Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Inset Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Bottom Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image
Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image