Valdres

Tilflytting

mai 07, 2013 Skrevet av 

Flytt til Valdres og få livskvalitet!

Mange er på jakt etter det gode liv. Valdres kan tilby deg og familien din eit godt liv på bygda! Vi har ledige jobbar, ledige boligar, naturen utanfor stovedøra og eit aktivt kulturliv. Kva ventar du på?


panorama-fagernes

Fagernes er regionsenteret i Valdres, med bystatus fra 2007. Foto: Nils Rogn

Bolyst i Valdres

Bolyst i Valdres

Valdres har vel 18 000 innbyggarar fordelt på seks kommunar med byen Fagernes som regionsenter. Fagernes er eit livleg handelssentrum med kulturhus, idrettsanlegg  og distriktsmedisinsk senter. I 2007 vart Valdres landets fyrste natur- og kulturpark.


 Last ned prosjektplanen Bolyst i Valdres. Den røde tråd fra barn til voksen

Barnehagar og skular

Valdres har i dag 26 barnehagar og like mange skular, blant dei fleire små grendeskular. Ungdomsskuleelevane er samla på ei skule i kvar kommune, bortsett fra Sør-Aurdal, som har to ungdomsskular. Vidaregåande opplæring skjer på Valdres Vidaregåande skule, som ligg på Leira, sør for Fagernes.


Kommunikasjon

Stamveg og Europaveg E16 knyter saman Oslo og Bergen. Denne går gjennom Valdres og Filefjell er den sikraste fjellovergangen mellom aust og vest vinterstid. Frå sør går Riksveg 51 frå Halllingdal over Golsfjellet til Leira og Fagernes. Denne fortset opp gjennom Øystre Slidre og over Valdresflye til Vågå.

Valdresekspressen har seks avgangar dagleg frå Oslo, og Øst-Vest Expressen kjører dagleg Lillehammer-Bergen gjennom Valdres. Til Fagernes Lufthavn Leirin er det dagleg to avgangar til Gardermoen med retur. Flytid er 30 minutt. Sjå nærmare info her.

Naturopplevingar

Valdres er omkransa av fjell og innbyr til flotte tur- og jaktopplevingar. I dalbotnane ligger vatna på rad og rekke, og ivrige fiskarar kan fange sin eigen middagsmat. Kanskje du vil prøve å lage din eigen rakfisk? Det meste om valdresnaturen finn du her.


Kulturopplevingar

Valdres har eit rikt kulturliv der tradisjon og nyskaping går hand i hand. Det er kulturskular i alle kommunane, og det blir gjeve undervisning i alt frå dans, folkemusikk og kunst til film og rockeband. Ung i Valdres gjev kultur- og fritidstilbod til ungdom mellom 16 og 19 år, og set opp ein musikal kvart år. I 2014 var det "Back to the 80`s" som stod på plakaten.

Les meir om kulturlivet i Valdres.



Ingen region har så mange festivalar som Valdres! Vi arrangerer folkemusikkfestival og rockefestival. Vi har ein eigen rakfiskfestival. Vi arrangerer world cup for langrenns- og skiskyttareliten, og ikkje minst – vi har Europas største festival for born og unge som spelar klassisk musikk.

Meir om festivalane våre her!

Sjekk ledige hus her:
Valdres Eiendomskontor AS/Terra eiendomsmegling

Eiendomsadvokaten i Valdres
EiendomsMegler 1

DnBNOR Eiendom

Privatmegleren

Kunne du tenke deg eit småbruk? Sjå etter ledige småbruk i Oppland hjå gardsbruk.no.

Mer info om arbeids- og næringsliv finn du ved å klikke her! 
Og her finner du ledige stillingar hjå NAV.

vang-intro

Vang er kommunen lengst mot vest. Her har naturen vestlandspreg, og me ser vestover Vangsmjøsa med Skutshorn og Sanddalen på høgre side og Bergsfjell på venstre. Foto: Nils Rogn

Sist redigert torsdag, 06 november 2014 13:52
Zo2 Framework Settings

Select one of sample color schemes

Google Font

Menu Font
Body Font
Heading Font

Body

Background Color
Text Color
Link Color
Background Image

Header Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Slider Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Inset Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Bottom Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image
Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image