Valdres
Feil
  • Feil ved lasting av datamating

Festivalar

Skrevet av 
FestivalarFestivalane og dei store arrangement i Valdres er viktige kulturelle hendingar for så vel turistar som fastbuande. Dei tilhøyrer ei næring i vekst og gjev store ringverknader for det lokale næringslivet i Valdres.

Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) ser på desse arrangementa som viktige satsingsområde som skal vere med å byggje merkevara Valdres.

På bakgrunn av dette, har VNK utarbeidd ein eigen strategiplan. Innhaldet i planen skal sikre det kvalitative innhaldet og sørgje for at profileringa av festivalane underbyggjer VNK sitt verdigrunnlag.

Festivalstrategi for 2015-2016 kan du lesa her.

VÅRE FESTIVALAR

Valdres sommersymfoni

Valdres Sommersymfoni er ein av dei mest mest spanande kammermusikkfestivalane i landet. Kontakten mellom utøvarar på tvers av generasjonar og landegrenser skaper ein særeigen og unik dynamikk.
Sommersymfonien er både ein musikkfestival og eit kurs, ein kombinasjon som gjev arrangementet ein heilt spesiell atmosfære. Sidan starten i 1994 har Valdres Sommersymfoni vore ein viktig samlingsstad for unge talent på veg mot ein profesjonell karriere. Sommersymfonien er eit av europas viktigaste kurs både for nybegynnarar og internasjonale prisvinnarar.
Velkomen til Valdres Sommersymfoni 20. - 28. juni 2015.
Les meir på sommersymfoni.no

Vinjerock

Vinjerock er ein tredagars musikk- og aktivitetsfestival på Eidsbugarden i Jotunheimen, 1060 meter over havet.
Festivalen er kalla opp etter poeten og journalisten Aasmund Olavsson Vinje, som var den fyrste hyttebyggaren på Eidsbugarden, og som også gav namn til Jotunheimen.
På Vinjerock har du ein unik sjanse til å kombinere store konsertopplevingar med kremen av norsk natur og aktivitetar.
Velkomen til Vinjerock i Jotunheimen 16. - 19. juli 2015.
Les meir på vinjerock.no

DSC 0240

 
Jørn Hilme-stemnet

Den siste veka i juli kvart år kjem kremen av norske folkemusikarar til Fagernes. Jørn Hilme-stemnet har dei siste åra etablert seg som ein viktig arena for både nyskapande og tradisjonell folkemusikk.
Særmerket for festivalen er samansetjinga av mange små intime konsertar med både profilerte artistar og unge utøvarar i etableringsfasen, og større tingingsverk og konsertturnéar. I tillegg arrangerer me ein av landets mest populære kappleikar, held ulike kurs og har unike dansetilbod på kveldstid der Valdres Folkemuseum er arena.

 Festivalen er blitt arrangert heilt sidan 1960, og har fått namnet sitt etter storspelemannen Jørn Hilme (1778-1854) frå Ulnes i Nord-Aurdal. ”Jørn vart i Valdres og grannebygdene det same som Myllarguten i Telemark, i slåttebygging og utforming av slåttane” (Valdres bygdebok VI, 1968). 

Dei fleste av arrangementa går føre seg på Fagernes, men me har også kyrkjekonsertar rundt om i Valdres, og ein flott fjellkonsert på Jaslangen i Vestre Slidre.

 Under festivalen blir det også arrangert eit vekeskurs i folkemusikk og -dans for born og ungdom (11-20 år) på Valdres folkehøgskule på Leira. Strunkeveko gjev gode opplevingar og mykje inspirasjon for dei unge i miljøet. Påmeldingsfrist: 
Sjå strunkeveko.no



Er du på jakt etter ei ekte, intim Hilme-oppleving, legg du sommarkvelden til Valdres Folkemuseum. Museet er sentrum for festivalkveldane. Her er det gamaldans og bygdedans (springar m.m.) kvar kveld torsdag-laurdag, i tillegg til eit breitt konsertprogram både utandørs og tett på musikarane i dei gamle stovene.
Velkomen til Jørn Hilme-stemnet 19. - 26. juli 2015.
Les meir på hilme.no


Jørn-Hiilme-stemnet. Solefallskonsert på Jaslangen. Foto: Nils Rogn

 
Trollrock

Kjente artister i lune omgivelser! Sommerens høydepunkt på Beitostølen er Trollrock. Hovedscenen er spekket av kjente artister mens Huldrescena viser spennende artister du ikke visste at du digga! Åge & Sambandet, Travis, CC Cowboys, Katzenjammer, Kaizers Orchestra og mange flere, er noen av de som har sørget for super stemning. Du ligger i komfortabel seng på denne urbane friluftsfestivalen. Trollrock står for musikken, mens Beitostølen står for fjellet, naturen og et stort antall aktiviteter.  Det er kortreist mat av høy kvalitet og en solid dose god stemning.
2015: Katzenjammer - Eva & The Heartmaker - Staut - Oslo Ess - OnklP & de fjerne slektningene -  Marit Larsen - DumDum Boys - Kim Larsen & Kjukken - Briskeby
Velkommen til Trollrock sitt fem-års jubileum 23.-25. juli!

Les mer på trollrock.no
Følg oss på Facebook

Trollrock-hb.jpg



Landbruksdagen

Landbruksdagen er et samarbeidsprosjekt mellom flere aktører og skal være et utstillingsvindu for landbruket i Valdres. Dagen blir arrangert tredje laurdagen i september på Valdres folkemuseum.
På Landbruksdagen blir museumsplassen omskapt til ein myldrande fesjå- og marknadsplass. Det blir utstilling av mjølkekyr, kjøtfe med kalv, sauer, geiter og smådyr. Det blir kalvemønstring, riding og køyring med hest. Det blir mogleg å kjøpe lokal mat, både for å kose seg med i løpet av arrangementet, men også for å ta med heim.
Landbruksprisen for Valdres blir delt ut under Landbruksdagen.
Velkomen tiil Landbruksdagen i Valdres 19. september 2015.
Landbruksdagen



Norsk Rakfiskfestival

Gigantisk folkefest med matopplevingar i fokus.

Den fyrste helga i november kvart år blir Norsk Rakfiskfestival på Fagernes. Dette er det største arrangement i Valdres med ca. 25 000 besøkande.
Arrangementet startar fredag morgon og varar ut i dei små timar laurdag. Med rakfisk, norskprodusert mat frå småskala-produsentar, folkefest og underhaldning i sentrum er dette ei fantastisk oppleving. Ynskjer du å bli godt kjend med Valdres som stad og innbyggarane som bur her året rundt, er dette ei gyllen anledning. 

For mange er dette det fyrste møtet med Valdres – og det blir sjeldan det siste!


Velkomen til Norsk Rakfiskfestival på Fagernes 5. - 7. november 2015.
Les meir på rakfisk.no

10646047605 c95f2ff696 o



Beitosprinten

I november kvart år blir Beitosprinten, opningsrennet for den nasjonale eliten i langrenn, arrangert på Beitostølen.
Parallelt med arrangementet blir det invitert til folkefest med god underhaldning og med presentasjon av lokal kultur og mattradisjon.


Velkomen til Beitosprinten 13. - 15. november 2015
Les meir på beitoworldcup.com
11027636314 4501f7f433 o
Sist redigert mandag, 11 januar 2016 13:45
Zo2 Framework Settings

Select one of sample color schemes

Google Font

Menu Font
Body Font
Heading Font

Body

Background Color
Text Color
Link Color
Background Image

Header Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Slider Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Inset Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Bottom Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image
Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image