Valdres
Feil
  • Feil ved lasting av datamating

Kulturminne/attraksjonar

mai 07, 2013 Skrevet av 

Valdreshistorie frå steinalderen til nyare tid

Det finst spor etter busetting i Valdres heilt attende til seks tusen år før Kristi fødsel. Ved fleire av fjellvatna våre lengst vest, viser gamle steinalderbuplassar at folk har halde til i høgfjellet og livnært seg av jakt og fiske.

Ei ny epoke kom når jernet vart kjent og teke i bruk rundt Kristi fødsel. Olav den heilages kristningsferd gjennom Valdres i 1023 danna starten på ei anna epoke, med oppføring av stavkyrkjer som enno står. Frå denne tida kjenner me også Riddarstøga på Leirhol i Vang, eit av dei fyrste husa med to etasjar. Her heldt riddaren Sivat av Leirholar (ca. 1270-1340) til. Frå tida etter reformasjonen (1537), har Valdres ei mengd kulturminne i kulturlandskapet både i bygda og i stølsområda.

Musea i Valdres gjev deg god kunnskap og ei rask innføring i Valdres-historia. Også i dei enkelte kommunar vil du finne nyttig informasjon om attraksjonar og kulturminne.

Steinalder (6000 - 1800 f. Kr)

Det har budd menneske i Valdres lenge. Dei eldste busettingane er ca. 8 000 år gamle, og ligg lengst vest i Valdres. Det finst mange spor etter bustader frå eldre steinalder ved fjellvatna i Valdres. Frå denne perioden kan vi finne pilspissar av skifer eller flint, avslag frå stein, koksteiner og kokegroper.
Folk har truleg budd her kontinuerleg gjennom eldre og yngre steinalder, då det er funne ei rekke steinreiskap som har blitt brukt til jordarbeidingsreiskap i yngre steinalder. På Slidreåsen er det gjort pollenanalysar som viser at det har vore beiteplantar (dvs. til husdyr) i området i perioden 2 800 til 2 000 f. Kr.

Bronsealder (1800 – 500 f. Kr.)

I denne tida var det i realiteten framleis steinalder i Valdres. Det er derfor vanskeleg å skilje funn frå bronsealder og yngre steinalder. Det er registrert fleire gravrøyser som kan vere frå bronsealder, og helleristingar i form av skålgropsteinar som kan skrive seg frå bronsealderen. Dei feste buplassane er truleg for lengst lagt under plogen, men èin buplass er registrert i Vestre Slidre. Det mest spektakulære er eit større depotfunn av bronse på Svennes i Nord-Aurdal. Funnet er det største samla bronsefunn i Noreg.

Jernalder (500 f. Kr – 1030 e. Kr)

Omkring 500 f. Kr kom kjennskapen om jernet frå Europa til Noreg, og nær Kristi fødsel lærte folk her til lands å lage jern. Jernet vart smidd til våpen, reiskapar, smykke og barrar, og jernet har vore viktig for makteliten. I byrjinga var jernet eit dyrt og sjeldan metall som berre dei rikaste kunne skaffe seg. I jern- og mellomalderen var jernet ei særs viktig inntektskjelde for gardane i Valdres.
Mange tusen tonn jern har vore produsert i Valdres, og valdresjernet var i gamal tid særleg kjent som ypparleg kvalitets smijern. Så vidkjent var det at engelskmenn i mellomalderen spurte erkebispen i Nidaros om å få kjøpe dette. Elles er få av tollrekneskapane frå dei austnorske byane tekne vare på, slik at vi veit lite om kvar valdresjernet tok vegen. Ei rettarbot frå 16. september 1282 frå kong Eirik Magnusson, inneheldt forskrifter for ulike yrkesgrupper som jernsmedar, kjelesmedar og gullsmedar. I eit bokføringsdokument for ulike varer og tenester er valdresjernet nemnt.
Med jernet skjedde det store omveltingar i Valdres. Folketalet og truleg også velstanden auka. Innan arkeologien deler dei i jernalderen i eldre- og yngre jernalder.

Eldre jernalder

Frå hundreåra før Kristi fødsel er det svært fåe funn i Noreg. Det er uvisst kvifor, men ein teori går ut på at det var ei klimaforverring etter bronsealderen, og at folketalet gjekk ned. Klimaendringane etter bronsealderen gjorde at folk betra husa sine og flytta husdyra inn om vinteren. Bøndene vart bufaste. De eldste gardane i Valdres er frå ca 2-300 e. Kr. Mange av gravfunna inneheld gjenstandar frå lenger sør i Europa, som glasperler, gull-, bronse-, og ravsmykke.
Perioden 400 til 550 e. Kr. blir kalla folkevandringstida. Namnet skriv seg frå den germanske folkevandringa frå år 100 til 550 e. Kr. På denne tida vaks folketalet i Europa, og det var stor politisk uro. I Valdres kan vi finne fleire bygdeborger datert til folkevandringstid. 

Det er også registrert fleire jernvinneanlegg frå eldre jernalder. Jern frå Valdres utvikla seg til ein stor eksportindustri i løpet av jernalderen.

Yngre jernalder

I yngre jernalder tok jernutvinninga fart, og vi finn spor etter jernutvinning i nesten alle fjell i Valdres. Jernet vart utvinna frå myrmalm og brent i steinomnar. I yngre jernalder brukte dei kol til oppvarminga og fikk såleis ein høgare temperatur som gav betre kvalitet på jernet. Rundt jernvinnene frå yngre jernalder finner vi derfor ofte også kolgroper.
Ein annen ting som dukka opp i yngre jernalder er fangstanlegg for reinsdyr. Spesielt i fjellområda i Vang, Vestre - og Øystre Slidre finst det mange fangstanlegg for rein. Fangstanlegga består av fangstgroper med ledegjerder, eller bogastiller, der skyttaren kunne gøyme seg til dyra kom så nær at han kunne treffe byttet med pil.
Det kanskje viktigaste området frå jernalderen i Valdres er Gardbergfeltet i Vestre Slidre som til saman inneheld over 1000 gravminne frå eldre til yngre jernalder. I Gardbergfeltet står også Noregs eldste runestein på sin opphavlege plass.

Mellomalder (1030 – 1537)

I mellomalderen var Valdres kristna, og frå denne tida har vi blant anna dei seks stavkyrkjene i Hedalen, Reinli, Hegge, Lomen, Høre og Øye. Litt seinare i mellomalderen kom steinkyrkjene i Valdres. Slidredomen frå ca. 1200 er framleis i bruk, mens kyrkja på Mo i Vestre Slidre står att som kyrkjeruin. På Leirhol i Vang har vi den eldste trebygningen i Valdres, Riddarstøga.

Nyare tid – etter 1537

I denne tida auka folketalet, og folk brukte utmarka i langt større grad. Mange av stølane i Valdres er frå ca. 1600-talet. Utmarka er full av utslått-teiger, heimstølstufter og stignett frå denne tida. Mykje av dette er framleis i aktivt bruk. På musea i Valdres kan du finne bygningar, klesdrakter og andre utstillingar frå nyare tid.

 

Sist redigert torsdag, 24 april 2014 14:09
Zo2 Framework Settings

Select one of sample color schemes

Google Font

Menu Font
Body Font
Heading Font

Body

Background Color
Text Color
Link Color
Background Image

Header Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Slider Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Inset Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Bottom Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image
Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image