Valdres

Avtaleverk/program

Skrevet av 

Avtaler og program i Valdres Natur- og Kulturpark


    •    10 års avtale 2007-2017 om Valdres Natur- og Kulturpark (VNK)
    •    Vedtekter/samarbeidsavtale om VNK 2016-2019
    •    Langtidsprogram 2007-2017
    •    Handlingsprogram for 2016

Kort presentasjon av hovudtrekka frå avtala

Valdres går saman om Norges fyrste regionale natur- og kulturpark for å styrke arbeidsplassar og busetjing, og for å legge til rette for ”det gode liv i Valdres”. Målet er å profilere Valdres langsiktig som ein offensiv region.
Vi skal bygge på eit næringsliv med mange lokalpatriotar og med ei tru på framtida. Vi har Nord-Europas mest aktive stølsområde, verdifulle stavkyrkjer og Norges lengste tradisjon for regionalt reiselivssamarbeid.
Lokalsamfunna i Valdres har lange tradisjonar for, og god tru på at vi også i framtida kan forvalte våre verdiar knytte til natur og kultur til beste for komande generasjonar.

Mulegheitene for Valdres er knytt til

    •    ”Valdres” er allereie ei sterk merkevare i nasjonal samanheng
    •    Ein særeigen natur- og kulturarv
    •    Attraktive kulturlandskap, særleg knytt til stølskultur og vassdragsnatur
    •    Kulturminne og stavkyrkjer
    •    Særprega mattradisjon, kjent for rakfisk, spekemat og reinskjøt
    •    Kjent for festivalar bygd på mattradisjonar og folkemusikk
    •    Foredlingsbedrifter for landbruksproduksjonen
    •    Føregangsregion innan helse, velvære, rekreasjon og rehabilitering
    •    16 000 fritidshytter
    •    Ein arbeids- og serviceregion
    •    Lange tradisjonar for samarbeid både politisk og næringsmessig
    •    Ein felles Valdresidentitet

Utfordringar er knytt til

    •    Nedgang i folketal
    •    Eit landbruk i sterk omstilling/reduksjon
    •    Eit reiseliv som slit med å oppretthalde tyngda i marknaden
Utfordringane har vi felles med svært mange andre fjellregionar i Norge. Valdres har organisert seg i Valdres Natur- og Kulturpark slik at vi i eit fellesskap mellom politikk og næringsliv kan gjera dei nødvendige prioriteringar, og slik utnytte dei potensiale som ligg her.

Ei tiårig avtale

Avtalen mellom dei seks kommunane i Valdres er ein tiårig plan for lokalsamfunnsutvikling i Valdres. Her er eit klart mål om å kunne tilby dei ulike marknader produkt og opplevingar knytt til lokal natur og kultur på slik måte at det blir opplevd som ein verdifull tilleggsverdi.

Valdres Natur- og Kulturpark skal legge til rette for ein langsiktig og målretta merkevarebygging bygd på regionen sine natur- og kulturverdiar.

Visjon

Valdres skal bli den sterkaste merkevara i landet.

Innsatsområde

Avtalen fokuserer fylgjande innsatsmråde og verkemiddel/reiskapar:



Innsatsområda:
    1.    Merkevara Valdres
    2.    Næringslivet i Valdres generelt
    3.    Landbruket
    4.    Reiselivet
    5.    Frisk i Valdres
    7.    Natur- og arealbruk
    8.    Kulturminna
    9.    Kultur
    10.    Valdres Vert

Verkemiddel/reiskapar:

  •     Valdresportalen
  •     Kompetanse
  •     Samferdsel
  •     Tilflytting
  •     Hytter/fritidshus

Regional merkevarebygging

Regional merkevarebygging krev målretta innsats over lang tid. Vi vil vera avhengig av ei god oppsluting frå heile valdressamfunnet. Det vil ha stor verknad at Valdres blir gjeve auka lokal forvalting av dei verkemiddel som kan bygge opp under merkevara Valdres.

Merkevarenamn og slagord

Etter ein omfattande prosess med mange involverte, er det klart at merkevara er ”Valdres” og slagordet er ”Valdres skjerper sansane”. Vi har arbeidd fram eit stort designprogram som vi ynskjer at flest mogleg i Valdres vel å ta i bruk. Designprogrammet vil du finne her: www.valdresdesign.no
Den generelle logoen vil kunne nyttast av dei fleste i Valdres, etter ein kontakt til VNK. Ta berre kontakt med oss og avklare behovet før du tek denne i bruk.
Logoen Valdreskvalitet vil kunne nyttast av medlemmer i godkjend merkeorganisasjon som er knytt til Valdres Natur- og Kulturpark. Det er denne logoen som klart skal markere produkt og opplevingar med tilleggsverdi for forbrukaren, knytt til vår særeigne natur og kultur.

Valdres skjerper sansane

Slagordet speglar det rike mangfaldet av sterke sanseopplevingar Valdres kan by på. Det er viktig å fokusere det som er unikt for Valdres, det mest særmerkte er kulturlandskapet i stølsområda, stølskulturen og stavkyrkjene våre.
Ein viktig del av merkevarebygginga er å medverke til at folket i Valdres set desse sentrale verdiane i høgsetet.

Merkeorganisasjonar

For reiseliv, landbruk og foredling er det etablert eigne merkeorganisasjonar som har utvikla sine merkekrav.
    •    Valdres Destinasjon AS
    •    Valdreskvalitet SA
 

Målet er at også andre næringar organiserar seg og utviklar eigne kvalitetskrav. Å knyte seg til dei merkeordningar som blir bygd opp, vil vera heilt opp til den enkelte næringsdrivande.
Ta gjerne kontakt med oss, så drøftar vi medverknad herfrå til å få opp gode ordningar for den enkelte bransje.

Handlingsprogram

Valdresrådet vedtek årlege planar, og ein del føresetnadar for prioriteringar er:

    •    Auka lokal verdiskaping
    •    Langsiktig merkevarebygging
    •    Utvikle konkurransefortrinn
    •    Bli betre enn konkurrentane på utvalde område
    •    Samhandling næringsliv/ politikk, og mellom næringar
    •    Kvalitet i alle ledd
    •    Auka engasjement for eigen utvikling
    •    Konsentrere innsatsen om det Valdres sjølv kan ha innverknad på

Valdres skal bli best i Norge på:

    •    Regional merkevarebygging
    •    Stigar og løyper
    •    Regional nettportal (Valdresportalen)
    •    Stølssatsing
    •    Ryddige og attraktive grender og tettstader
    •    Fysisk aktivitet i folkehelsearbeidet og best på rehabilitering

Sist redigert mandag, 11 januar 2016 12:01
Zo2 Framework Settings

Select one of sample color schemes

Google Font

Menu Font
Body Font
Heading Font

Body

Background Color
Text Color
Link Color
Background Image

Header Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Slider Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Inset Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Bottom Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image
Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image