Valdres

Bakgrunn

Skrevet av 

Valdres Natur- og Kulturpark - skjerper sansane     

1105 01 Valdres skjerper sansaneValdres Natur- og Kulturpark er ein bygdeutviklingsregion som gjennom langsiktig merkevarebygging knytt til natur- og kulturverdiar – og lokal styring – skal gje auka verdiskaping og livskraft i lokalsamfunna. Gjennom dette vil Valdres ta vare på og utvikle viktige verdiar av lokal, nasjonal og internasjonal karakter, for framtidige generasjonar.

Valdres Natur- og Kulturpark er bygda der eg kjem frå, der eg kan vera, der eg kan vera til. Dette er bygda der du er velkomen, og der vi i fellesskap skal bygge framtidsnæringar tufta på den unike kombinasjonen av natur, kultur og næring.

Samhandling i trivselsbygda

Valdres Natur- og Kulturpark har definert som sin viktigaste reiskap å vera ein arena for samhandling mellom kommunar, reiseliv, kultur- og friluftsorganisasjonar, bønder og andre næringsdrivande.
Vi skal samhandle om å laga produkt og opplevingar som er unike etter sin eigenart, og som vi kan bygge ei sterk merkevare på - Merkevara Valdres.

Merkevara og verdigrunnlaget

I merkevarebygginga skal Valdres ha eit særleg fokus på:

Miljø

Merkevara Valdres skal byggast på ein høg miljøstandard i vid forstand. Miljøspørsmål skal også fokuserast i kvalitetsstandardar som blir utarbeida for den enkelte næring.

Kultur

Merkevara Valdres skal byggast på ein identitet knytt til vår sterke lokale kultur. Her skal vi legge vekt på det vide kulturomgrepet som omfattar alt frå tradisjonskultur og kulturminne, til eit ope møte med det moderne kulturuttrykket i Valdres. Våre kvalitetsstandardar skal til saman synleggjera vår rike matkultur, handverkskultur, byggetradisjonar, kulturlandskap, stølskultur, biletkunst, musikk, dans, lyrikk og forteljartradisjonar. Festivalane er eitt av fyrtårna i kultursatsinga.

Det gode og moderne liv i Valdres

Merkevara Valdres skal ha sitt utspring i vårt lokalmiljø, eit lokalmiljø som det vil vera positivt å identifisere seg med. Dei gode opplevingar skal vera i fremste rekkje, og Valdres skal med bakgrunn i tradisjonelle verdiar også utvikle urbane kvalitetar. Merkevara må appellere til vår felles draum om det gode liv. Service- og vertskapsrolla skal prioriterast i alle kvalitetsstandardar.

Valdres Natur- og Kulturpark vart offisielt opna 12. juni 2007 av dåverande landbruksminister Terje Riis-Johansen.

Sist redigert mandag, 11 januar 2016 11:59
Zo2 Framework Settings

Select one of sample color schemes

Google Font

Menu Font
Body Font
Heading Font

Body

Background Color
Text Color
Link Color
Background Image

Header Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Slider Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Inset Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Bottom Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image
Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image