Valdres

Folkefinansiering på faglunsj

Folkefinansiering2Folkefinansiering, eller «crowdfunding» var tema for open faglunsj på Kontorfellesskapet 1724 tysdag.

– I Noreg er ein så vant med å tenke bank eller Innovasjon Noreg i det eit prosjekt skal finansierast at ein fort gløymer moglegheitene som ligg i folkefinansiering, innleia Torill Bye Wilhelmsen sin timeslange lunsjprat med.

Til stades var bedrifter på Kontorfellesskapet 1724 og nokre gjester som var interessert i temaet.

Nådd målet

Til dagleg driv Bye Wilhelmsen som gründertrener gjennom firmaet Fjellflyt som held til i Vågå. Tysdag hadde teke turen over frå Valdresflyea for dele heilt ferske erfaringar med folkefinansiering. I arbeidet med prosjektplanleggjaren «Fokus» har ho på nokre dagar nådd sitt finansieringsmål.

(https://www.crowdsupply.com/fjellflyt/fokus-planlegger)

– Folkefinansieringen har gjeve meg økonomisk tryggleik til å trykke det opplaget eg treng for å få økonomi i prosjektet. Samstundes gjev det meg sjølvtillit å sjå responsen og alle som faktisk har kjøpt boka fordi dei har trua på konseptet, sa Bye Wilhelmsen.

Gjennom heile timen snakka ho engasjert om alle sider ved folkefinansiering. Kva for prosjekt passer? Korleis gjer ein det? Kva er krevjande? Kvifor gjere det?

– Det har vore mykje jobb for å køyre folkefinansieringskampanjen for min del, men det har heilt klart vore verdt det, konstaterte Bye Wilhelmsen.

«Høge Sprang»–konsept

Open faglunsj er ein del av Høge Sprang-prosjektet der Ål og Vang om å løfte dei kreative næringane i Hallingdal og Valdres.

– Treff ikkje opplegget på eit heildagskurs er det særs dårleg butikk for ei bedrift å bruke ein arbeidsdag på det. Gjennom spissa tema i ein utvida lunsj legg vi terskelen lågt for å heve kompetansen til bedrifter, fortel Innovangsjonsminister Hallgrim Rogn som følgjer opp prosjektet i Vang.

Til denne fyrste faglunsjen var fyrst og fremst næringsliv, bank og kommune i Vang invitert.

 

Zo2 Framework Settings

Select one of sample color schemes

Google Font

Menu Font
Body Font
Heading Font

Body

Background Color
Text Color
Link Color
Background Image

Header Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Slider Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Inset Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Bottom Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image
Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image