Valdres

Valdreskappleik i Vang

Arrangørgjengen IIArrangørstaben: Framme frå venstre Bjørg S. Berge, Ingrid S. Vik, Kari Hagaseth og Tora S. Vik. Bak frå venstre Nils Leine, Jan Sparstad, Ivar K. Hemsing og Erlend Eggen.

Laurdag 9. mai blir Valdreskappleiken 2015 arrangert på Åsvang i Vang. Det er Valdreskvelven spel- og dansarlag som står for kappleiken, som er ei tevling i folkemusikk og runddansmusikk med tilhøyrande dans.

Kappleiken plar samle unge og eldre utøvar frå heile Valdres, og i blant kjem det også tilreisande for å måle seg med valdresspelemenn og -dansarar. Deltakarane blir delte inn tre klassar; rekruttar (under 12 år), juniorar (12- 18 år) og seniorar. Ein tevlar i eldre folkemusikkinstrument (langeleik, munnharpe, fløyter, lur, bukkehorn), spel (hardingfele og vanleg fele), samspel/gruppe, torader/trekkspel, vokal, open klasse og dans (springar/springleik, gangar/bonde, laus/halling, lagdans og runddans).


Fest med finalekonsert

Det meste av kappleiken går på dagtid, medan det på kvelden er tid for konsert, premieutdeling og dans etter mange orkester og spelemenn. Litt tevling blir det også då, sidan den beste prestasjonen totalt skal kårast. Klassevinnarane frå dagkappleiken møtest til ein finalekonsert der dommarane har i oppgåve å finne den eller dei som totalt sett har den beste framføringa. Årets runddanspar skal også
kårast under dansefesten. Her kan alle runddansglade slenge seg med meir eller mindre på sparket.

Vinjerock-billettar

På Valdreskappleiken blir det tevla om mange flotte premiar. Klassevinnarane får napp i gjæve vandrepremiar, og Vinjerock har gjeve to billettar til sumarens Vinjerock. Alle får deltakarpremie. Det blir kappleiks- quiz, god mat og drikke, ei runddanstevling som får golvet til å knake, ein finalekonsert utan like, ein kappleikscamp med grill, ein fest med eld! Med andre ord; dette blir den perfekte oppvarminga for Landskappleik og Hilme-stemnet til sumaren!

Påmelding og oppdatert informasjon kan ein finne på nettsida valdreskvelven.no eller på Facebooksida Valdreskappleiken 2015.

 - Ta med deg ein dansesko eller to, og kom til Åsvang 9.mai, oppfordrar kappleiksgeneral Tora Skavhaug Vik!

Zo2 Framework Settings

Select one of sample color schemes

Google Font

Menu Font
Body Font
Heading Font

Body

Background Color
Text Color
Link Color
Background Image

Header Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Slider Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Inset Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Bottom Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image
Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image