Valdres

Skarke 
- Førjulstid på Valdres Folkemuseum

Skarka ekstraSundag 7. desember er det skarke på Valdres folkemuseum.    Dette er eit tradisjonsrikt førjulsarrangement som i år blir arrangert for 21. gong.

I "Skarka" kan ungar og vaksne støype ljos, tove juleeple, køyre kanefart, laga julepynt og juleenglar, skrive julekort, høyre forteljingar, strikke julekuler, steike peparkaker og hardangerlefser og laga sopelimar.

Basar og juletrepynting

Vennelaget for Valdres Folkemuseum har tradisjonsrik basar med trekning i Slidrehuset klokka 15. Juletreet står i peisestova og blir pynta gjennom heile dagen – med juletrepynt som ungane lagar. Juletrelysa blir tente klokka 16.

Sal av lokale mat- og handverksprodukt  

Fleire lokale mat- og handverksprodusentar sel frå gapahukar ute på museumsområdet. Her kan ein kjøpe mat til julebord og gåver under treet. Ute i husa blir det baka lefser, hardangerlefser og rosettbakkels, og dei besøkande kan kjøpe med smaksprøver.

Aktivitetar born og vaksne kan vera med på
·         Pepparkakebakst
·         Juleverkstader
·         Lys-støyping
·         Kanefart
·         Demonstrasjon av firfletting og filering
·         Store og små freistingar i butikken.
·         Omvising i langleikutstillinga kl. 13
·         Munkekroen  serverer juletallerken, vaffel, gløgg og mykje anna godt

Arrangementet går mellom klokka 12 og 16.
Prisar 
Familiepris: 200,- 
Vaksne: 80,- 
Barn: 50,- (gratis for ungar under tre år) 
Pensjonistar: 70,-

Når ein fyrst er på museet, er desse utstillingane verdt å få med seg:

Er det mulig?

«Er det mulig?» er ei utstilling om funksjonshemming, ski og snø. Etter tre år på Skimuseet i Oslo har utstillinga kome heim – til Erling Stordahl sitt rike og staden der moderne skiidrett for funksjonshemma i sin tid starta.

Langleiken – heile Norges instrument.

Fredag 14. november opna ei unik instrumentutstilling ved Valdres Folkemuseum på Fagernes . I sentrum for utstillinga står landets eldste strengeinstrument – og ein 200 år gamal langeleik frå Det kongelege slottet. Folkemusikkarkivar Elisabeth Kværne har omvising i langleikutstillinga klokka 13.

Skarka hb

Zo2 Framework Settings

Select one of sample color schemes

Google Font

Menu Font
Body Font
Heading Font

Body

Background Color
Text Color
Link Color
Background Image

Header Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Slider Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Inset Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Bottom Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image
Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image