Valdres

Besøk frå vest

Sollundbesøk web

Frå venstre kreativ sjef i VNK, Henning Wangsnes, prosjektleiar i Solund, Kjell Mongstad, frå Snøfellsnes regionpark på Island, Ragnhildur Sigurddadottir, dagleg leiar i VNK, Jørand Ødegård Lunde og rådsleiar i VNK, Inger Torun Klosbøle. Foto: Nils Rogn

Valdres Natur- og Kulturpark vekkjer interesse både her til lands og i utlandet. Måndag og tysdag denne veka har parken besøk frå Island og Sollund kommune ytst i Sognefjorden.

Besøket kom i stand ved at kreativ sjef i VNK, Henning Wangsnes, i helga var i Sollund kommune for å fortelja om bakgrunnen for natur- og kulturparken vår og arbeidet han gjer her. Der var også Ragnhildur Sigurddadottir frå Snøfellsnes regionalpark på Island. Ho og  prosjektleiar Kjell Mongstad i Sollund vart med Henning på turen tilbake til Valdres, for å sjå meir konkret på arbeidet som blir gjort her.

Snøfellsnes regionalpark

- Eivind Brenna har vore på Island eit par gonger for å inspirere og fortelja om natur- og kulturparkideen og det eksempelet som Valdres er, fortel Ragnhildur Sigurddadottir. – For to år sidan resulterte det i at me oppretta ein regionalpark på ei halvøy litt nord for Reykjavik. Parken omfattar fem kommunar med i alt 3 700 innbyggarar.

Kystparken

No har ho vore i Sollund i same ærend som Henning Wangsnes. Her er Kjell Mongstad prosjektleiar for Kystparken, som er ein arbeidstittel for eit samarbeid mellom kommunar, fylke og stat. Han fortel at dei har tre arbeidsfelt dei vil ta tak i; å få oppretta eit friluftsråd, gjera noko ut av ca. 1500 villsau på øyene i området og få utarbeidd ei mulegheitanalyse for ein regional park.

Potensiale i vest

- Besøket i Solund var svært spennande og interessant, seier Henning Wangsnes. - Dette er eit kystområde med sterke særpreg og ein unik natur og kultur. Ein kan nesten seia at Solund det motsette av Valdres når ein tenker geografi og klima, men samtidig har me mange felles utferdingar som fråflytting og sentralisering. Dette gjeld også for området  Snøfellsnes på Island, seier han.

Henning hadde kajakken med på vestlandsturen, og det å padle kajakk i Solund var ei fin oppleving. – Her var det eit mangfald av holmar, øyer og skjær. Dette gjer det enkelt å gå i land for å finne plass for overnatting, eller berre for eit tilfeldig strandhogg. Skulle det blåse opp, finn du alltid ei lun vik, fortel padleentusiasten.

1240x640

Henning Wangsnes erfarte at Solund som Valdres har fokus på lokalmat, spesielt er villsauen som går ute heile året spennande. Han er overbevist om at villsauen kan nå samme høgder som rakfisk frå Valdres.

Me ynskjer lykke til med parksatsinga, og håpar dei får eit fint og inspirerande opphald i Valdres.

Zo2 Framework Settings

Select one of sample color schemes

Google Font

Menu Font
Body Font
Heading Font

Body

Background Color
Text Color
Link Color
Background Image

Header Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Slider Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Inset Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Bottom Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image
Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image