Valdres

Kultur i Valdresrådet

Kultur hbFire orienteringar og dialog om framtidas Oppland, var opptakta til saksbehandlinga i Valdresrådet sist onsdag. Orienteringane var frå kulturnettverket i Valdres, om endringar i kollektivtrafikken, om statusen for Fagernes lufthamn og om chartersatsinga ved same flyplass. Fylkesordførar Even Aleksander Hagen innleidde til Opplandsdialogen.

Frå kulturnettverket stilte Kari Onstad, kultursjef i Øystre Slidre kommune, Katharina Sparstad, kulturminnekonsulent i VNK og Ole Aastad Bråten, direktør ved Valdresmusea. Kulturnettverket har jamlege møte med representantar frå alle kommunar. – Å få jobbe med kultur er verdas beste jobb, innleia Kari Onstad. Ho rosa kultursamarbeidet i Valdres, og var glad for at natur- og kulturparken støtta godt opp om arbeidet i kommunane. Ho trekte særleg fram ansvaret for den immatrielle kulturarven, og at kultur var ein viktig del av merkevara Valdres.

Valdresmusea

Som leiar for Valdresmusea, hadde Ole Aastad Bråten ansvaret for 25 tilsette. - Me har spissa arbeidet vårt til tre hovudsatsingsområde; folkedrakt og tekstil, folkemusikk, folkedans og instrument og bygningsvern, fortalde han. Eit viktig poeng i sistnemnde område, var alle kursa som var gjennomført. – Me har no lært opp bortimot 300 huseigarar i korleis ein kan gjera enkle grep for å ta vare på gamle bygningar. Me har dessutan ein eigen bygningsvernrådgjevar, sa Aastad Bråten.

Stølar og stavkyrkjer

Katharina Sparstad drog fram arbeidet med stølsdrift og stølsliv som noko kulturnettverket jobba for å lyfte fram. – Som den største stølsregionen i Nord-Europa har me her eit spesielt ansvar, og me deltek også internasjonalt med dette arbeidet, sa ho. Eit anna område ho drog fram, var dei seks unike stavkyrkjene våre. – Her kan Valdres bli ein modell for kunnskap og formidling av dei 8-900 år gamle kyrkjene, meinte ho, og viste til eit positivt møte med riksantikvar Jørn Holme nyleg.

Kultur er nerva

Alle dei tre var samde om at det var viktig å forankre valdreskulturen alt frå tidleg skulealder. Kultur er nerva i Valdres, næring er ryggraden, var oppsummeringa deira.  Dei  lanserte også tanken om at kulturlivet burde hatt ein representant både i styret og Valdresrådet.

Stolte av vårt

Vidar Eltun var glad for det gode arbeidet som blir gjort. – Me må likevel vera merksame på utfordringa innvandrarane gjev, og passe på å ikkje bli for sjølvgode. Det var difor fint å sjå at filmen om Kristine Valdresdatter var lansert med tekstar på framande språk no nyleg. – Absolutt viktig, svara Katharina Sparstad, - men som innvandrarane er stolte av sitt, må me kunne vera stolte av vårt!

Hytter og stølar

Arne Lambech etterlyste at kulturlivet måtte vera meir synlege for hyttefolket. – De må laga fleire Stølsveko og andre stølsarrangement. I det heile tatt jobbe meir med oss som målgruppe, meinte han.  Anne Hanslien kom med innspel om at det var positivt at Valdres no fokuserer sterkare på stølsdrifta. Ho hadde forståing for at stølsområda er attraktive også for fritidsbustader, men minna om at det er viktig at dette ikkje går ut over stølsdrifta. Ho var likevel bekymra for den «bit for bit»-utbygginga som mange stølsområde er utsett for, ved at viktige beiteområde blir bygd ned og bandlagt.

Styrerepresentant

Avslutningsvis tok rådsleiar Inger Torun Klosbøle tak i ideen om ein kulturrepresentant inn i styringa i natur- og kulturparken. – Eg trur det er ein god ide. I dag opplever me at halve gruppa frå næringslivet ikkje deltek (fem stk.), og kulturlivet burde absolutt ha noko å tilføre styringa av parken.

Les presentasjonen frå kulturnettverket her.
Her finn du dei andre presentasjonane på Valdresrådet sitt møte.

 

Zo2 Framework Settings

Select one of sample color schemes

Google Font

Menu Font
Body Font
Heading Font

Body

Background Color
Text Color
Link Color
Background Image

Header Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Slider Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Inset Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Bottom Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image
Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image