Valdres

Frigjeringsdagen 8. mai

8mai hbPå denne dagen i 1945 kom freden til landet vårt, i 2016 kom sommaren. Det vart ei solfylt og varm ramme rundt markeringa av dagen, som samla bortimot femti til arrangementet på Valdres Folkemuseum.

Etter at markeringa av frigjeringsdagen også har blitt ein dag for alle veteranar som har vore ute i ulike oppdrag, har dagen fått større merksemd. Det tek til å tynnast i rekkene av folk som var med i andre verdskrigen, men i åra etter, var mange valdrisar med i Tysklandsbrigaden og i internasjonale operasjonar i regi både av Nato og FN. Mange av desse møtte fram, nokre i uniform.

Markering i Bagn og på Leira


Markeringa starta ved bautaen på Vangen i Bagn. Her la ordførar Kåre Helland ned ein bukett. Deretter var det ordførar Eivind Brenna som hadde same oppdraget ved minnesmerket for veteranar frå Valdres i internasjonale operasjonar på Leira. Han la i si tale vekt på bidraget desse veteranane har hatt i å sikre freden.
8mai Eivind

Museet


På Valdres folkemuseum var det ordførar Kjell Berge Melbybråten som la ned krans. Ved sida av krigsminnemerket utanfor administrasjonsbygget, stod Erik Onstad og Per Kristian Skaran æresvakter under seremonien. Berge Melbybråten kom i si tale inn på alle valdrisar som hadde falle i kampane i Valdres og i andre krigar for fred og fridom. – I takksemd for deira kamp og i medkjensle for dei som mista sine næraste avslutta han med tre vers av salmen ”Alltid freidig”.

Politisk styrt


8mai vakterDei to æresvaktene fortalde etterpå at det var tre organisasjonar som stod for minnemarkeringane; Valdres forsvarsforening, Norges reserveoffisersforbund, avdeling Valdres og den organisasjonen dei tilhøyrde, Heimevernet HV-05. Dei uttrykte stor glede over frammøtet. – Før var det ei lita handfull som møtte opp, men etter at politikarane tok tak i styringa av minnemarkeringa, er det no mange som kjem og tek del, sa dei. Alle ordførarane var til stade, og programmet var koordinert gjennom Valdres Natur- og Kulturpark.

Film


Markeringa vart avslutta med eit arrangement på Slidrehuset. Etter kaffe og kake viste Kristian Bergsund film om krigshandlingane i Sør-Aurdal, ein film som han var med og laga tilbake i 1989. Her var særleg kampane ved Bagnsbergatn og Gråbeinhølet visualisert, med eit stort tal statistar i autentiske uniformer frå Norge og Tyskland. To liter okseblod hadde også gått med, fortalde Bergsund.

Dette er krigshistorie det er vanskeleg å fatte i dagens fredelege Valdres, men det er viktige hendingar i historia vår. For etterkrigsgenerasjonen og dei som veks opp i dag, var filmen ei viktig påminning om den brutale verkelegheita ein krig kan vera. Mange fall i kampane, også sivile, og gardar vart brende ned med heile buskapen i hus. Filmen bør vera obligatorisk i all undervising om den lokale historia vår.

Freding av Bagnsbergatn


Riksantikvar Jørn Holme var spesielt invitert til dagen for å prate om fredinga av Bagnsbergatn. Han starta med å takke Kristian Bergsund for innsatsen han har lagt ned med filmen og for krigshistoria i Valdres generelt. – Eg vart rørt. Utan deg, Kristian, ville ikkje denne viktige historia vore sikra for ettertida. Eit av mine arbeidsområde er å sikre spor og minne etter andre verdskrigen, sa han.


8mai Holme- Å sikre og frede kulturminne betyr at det me vil kalle ukultur som krig og brutalitet, også må takast med. Bagnsbergatn er kanskje den plassen i Norge som best fortel om det som skjedde – utanom dei store slaga, sa han vidare.  Prosessen med å få freda Bagnsbergatn var godt gang, fortalde han. – Ikkje minst er det gledeleg å ha ein så samarbeidsvillig eigar av garden, og eit museum som stiller opp. Både eigar, kommune og fylket er alle positive, og eg gler meg til å koma attende for å fullføre fredinga, avslutta han.


Minnemedaljar

Arrangementet vart avslutta med utdeling av minnemedaljar til fire valdrisar som deltok i motstandskampen under 2. verdskrig. Desse var Marie Kjelstad, født Midthus, Ingar Hovrud, Rolf Tidemandsen og Åge Hovengen. Nærare presentasjon av dette i ein seinare artikkel.

8mai Minnemedalje

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Regionleiar Inger Torun Klosbøle med dei fire som fekk minnemedaljar og representantar for dei. Frå høgre Åge Hovengen, barnebarnet til Ingar Hovrud som døydde tre dagar etter at han fekk medaljen, Rolf Tidemandsen og Marie Kjelstad i lag med dotter si.



Zo2 Framework Settings

Select one of sample color schemes

Google Font

Menu Font
Body Font
Heading Font

Body

Background Color
Text Color
Link Color
Background Image

Header Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Slider Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Inset Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Bottom Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image
Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image