Valdres

Stamvegen styrkar stillinga som sikraste og beste fjellovergang

ArbeidsutvaletArbeidsutvalet: Frå venstre Arne Bang (sekretær), Per Berger (ordførar Hole),  Nils T. Bjørke (Hordaland fylkeskommune), Anne Elisabeth Thoresen (vara for Even Aleksander Hagen, Oppland fylkeskommune), Vidar Eltun (ordførar Vang), Eirik Haga (ordførar Vaksdal), Åshild Kjelsnes (Sogn og Fjordane fylkeskommune) og Jan Geir Solheim (ordførar Lærdal).

I løpet av 2017 blir stamvegen over Filefjell ferdig. Den opne traseen blir asfaltert i sommar, og tunellen frå Tyinkrysset forbi Nystova blir opna neste sommar. Dette gjer at E16 held stillinga som den sikraste og beste fjellovergangen mellom aust og vest.

Dette kom fram under årsmøtet i Stamvegutvalget som vart halde på Filefjellstuene 1. april. Her møttest representantar frå Hole i aust til Vaksdal i vest, for å drøfte strategiar for å få ferdigstilt E16 mellom landsdelane. – Det viktigaste no er å fullføre eit godt påbegynt arbeid. Gjer E16 ferdig med gul stripe, oppfordra blant andre Nils T. Bjørke, leiar i samferdsleutvalet i Hordaland.

Hovudbodskap

Hovuddelen av møtet gjekk med til å drøfte innspel til den framlagte NTPen. Forslaga som årsmøtet skulle ta stilling til var skissert i fire punkt:
•    Ein støttar dei føreslåtte hovudmål og etappemål
•    Dei økonomiske rammene må aukast med minst 60%
•    Ein større del av totalramma må gå til riksvegvegprosjekt og skredsikring
•    ”Nettonytte per budsjettkrone” må supplerast med andre 
prioriteringskriterium/argument.

Drøftinga synte nokre nyansar i forståinga av dei enkelte punkt. Arbeidsutvalet fekk i oppdrag å finne fram til formuleringar som dei fleste kunne einast om. Høyringsfristen er 1. juli.

Det var elles brei einigheit om å prioritere dei bynære strekningane Skaret-Hønefoss og Bergen-Voss. I tillegg var det semje om å prioritere følgjande strekningar i fyrste del av planperioden: Fagernes-Hande, Kvamskleive (rassikring), Ljøsne-Tønjum, Nærøydalstunnellen og Oppheim-Voss.

Aarsmotet


Status

Status for dei enkelte strekningane vart også presentert. Per K. Berger frå Hole poengterte at det var viktig å få på plass koplinga mellom Hensmoen og Eggemoen. Han viste dessutan fram dei ulike planforslaga for jernbane og veg over Kroksundet ved Sundvollen. Vidar Eltun la fram status for Valdres. Viktigast her var å få inn att vegstrekninga Fagernes S – Hande som hadde falle heilt ut av NTP. For Indre Sogn la Jan Geir Solheim vekt på at ei løysing for Nærøydalen var viktigast no, deretter Ljøsne – Tønjum. Sogndalordførar Jarle Aarvoll tala varmt for koplinga mot riksveg 5 med bru over Sognefjorden ved Fodnes – Mannheller. Eirik Haga avslutta med å fortelja om god framdrift på strekninga Voss-Vaksdal-Bergen.  

Berger Haga web

Ordførar i Hole kommune, Per R. Berger og ordførar i Vaksdal kommune, Eirik Haga, fortalde om status for E16 i sine regionar.

Frå Statens vegvesen orienterte prosjektleiar Kjell Kvåle om NTP og aust-vest problematikken. Han var overraska over at kost/nytte er så sterkt vektlagt av den nye regjeringa. – Det er fyrste gong dette har kome inn som eit så viktig kriterium, sa han, og la til at ein nesten ikkje finn vegprosjekt som har lønt seg over ein 40-års periode. – Det er i så fall vegprosjekt ved tett busette stader/byar. Me meiner at samfunnssikkerheit og beredskap også må vektleggjast, sa han. Eit anna punkt Kvåle var oppteken av, var å fullføre heile vegstrekninga når eit vegarbeid var starta.

Sogn web

Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal, Arild Ingar Lægreid, ordførar i Årdal og Jarle Aarvoll, ordførar i Sogndal orienterte om E16 og tilknytinga til den i sine kommunar.

Befaring

Stamvegutvalget har vanlegvis hatt ei synfaring langs E16 kvart fjerde år slik at nye politikarar skal bli kjent med både vegen og kvarandre. Årsmøtet samla seg om å gjennomføre ei slik synfaring 1. og 2. september.

Kjell Kvale web

Konstituering

Vidar Eltun held fram som leiar for Stamvegutvalget, medan Nils T. Bjørke blir ny nestleiar. I arbeidsutvalet kjem også Even Aleksander Hagen inn som ny. Arne Bang som har hatt sekretariatsfunksjonen sidan starten i 1984, vart takka for innsatsen med blomster.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kjell Kvåle frå Statens vegvesen.

Vidar Eltun takka Arne Bang innsatsen gjennom 32 år.

Blomster

Zo2 Framework Settings

Select one of sample color schemes

Google Font

Menu Font
Body Font
Heading Font

Body

Background Color
Text Color
Link Color
Background Image

Header Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Slider Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Inset Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Bottom Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image
Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image