Valdres

Høyring: Utbygging av breiband i Valdres

Breibandartikkel IIVang, Vestre Slidre, Øystre Slidre, Nord Aurdal, Etnedal og Sør Aurdal kommunar har samla seg om å sende ein felles søknad om tilskot til utbygging av «neste generasjon breiband» NGA i Valdres. Valdres Natur- og Kulturpark samordnar søknaden.

Regjeringa har gjeve Nasjonale kommunikasjonsmyndigheter (Nkom) i oppgåve å administrere tilskotsordninga for breibandsutbygging. Kommunar og fylkeskommunar kan søkje Nkom om stønad. Eit av krava for ein slik søknad er at planprosessen for utbygginga skal ligge ute til høyring i fire veker (ein månad). Dette slik at det blir høve til innspel både frå aktuelle utbyggarar og frå moglege framtidige kjøparar av tilgang til breiband.

Høyringsfrist

Alle som ønskjer å gje høyringsuttale (bedrifter, enkeltpersonar, lag og foreiningar etc.) blir her invitert til å gjera dette innan 25. april 2016 kl. 12.00.
Formålet med ordninga er å bidra til at alle husstandar får tilbod om breiband av grunnleggande god kvalitet. Det kan også gjevast tilskot til å auke kapasiteten for breiband i område det ikkje kan forventast å koma nye kommersielle tilbod i dei næraste åra.

Ei eventuell utbygging vil vera avhengig av offentlege tilskot.  Intensjonen er at alle skal få eit tilbod, men det er likevel slik at kommunane ikkje kan garantere at alle vil få eit tilbod om betre breiband.
Så langt er det arbeida med planar for Grindaheim, Ryfoss, Øye, Hensåsen, Åsvang, Slidre, Røn, Vaset, Rogne, Sagbråten/Vinjar og Bagn.
Vidare blir det sett på løysingar med ei forsterka utbygging av breiband over radio, til nokon av dei områda som er mest krevjande å nå elles.

Tildelingskriterium

Det er seks evalueringskriterium for tildeling av breibandstilskot:

Evalueringskriterium  Vurderingselement Vekting i 2014-15 Vekting i 2016
Tal husstandar som får eit tilbod om breiband med grunnleggande god kvalitet Tal nye aksessar og relativ auke i dekning. Best mogeleg utnytting av tilgjengelege midlar 25 % 30 %
Kostnadseffektiv nettutbygging i det enkelte prosjekt - Investeringskostnad per aksess
- Tilgang til eksisterande infrastruktur som grøfter, stolpar, punkt etc.
20 % 25 %
Lokal medfinansiering Lokal medfinansiering sett i forhold til tal aktuelle brukarar/kundar 10 % 20 %
Plan for berekraftig drift etter at utbygging er gjennomført Sannsynlegheit for at breibandstilbodet kan oppretthaldast og vidareutviklast 15 %  15%
Betring av eksisterande breibandstilbod Tal aksessar som får auka kapasitet, og kor stor kapasitetsauken er 15 %  5%
Betyding for lokal samfunnsutvikling, verdiskaping og attraktivitet for innbyggjarar, næringsliv og besøkande - Samfunnsgevinsten som vert utløyst av breibandutbygginga
- Konkrete døme på betyding for lokal næringsutvikling
- Betring i mobildekning
15 % 5%

Nkom legg vekt på at vi i ein søknad om tilskot skal opptre nøytralt i høve til val av teknologi.  Dersom vi får tilsegn om tilskot, vil vi måtte velje utbygger gjennom ein anbodsprosess.

Kom med innspel!

Valdres Natur- og Kulturpark på vegner av kommunane, ynskjer innspel og informasjon om eventuelle lokale forhold som bør vektleggast. Sjå evalueringskriteria for ordninga ovanfor. Gode innspel gjer at det blir enklare å lage ein god søknad om tilskot til breiband.

Det er stor konkurranse om dei offentlege tilskota, difor vil område der innbyggjarane viser særskilt engasjement, stille sterkare. Sjå tabellen ovanfor.  Difor oppmodar vi innbyggarar / næringsliv / lag og organisasjonar m.m. til å koma med innspel og argument som til dømes:

•    Kvite område - eller kombinerte kvite og kvite NGA område (dvs. område heilt utan dekning)
•    Underskriftslister med forplikting på kjøp når tilbodet kjem
•    Område der innbyggjarane seier seg villige til å betale eit etableringsgebyr
•    Område der innbyggjarane vil gjera ein dugnadsinnsats
•    Område der ein får tilgang til eksisterande infrastruktur (grøfter, trekkerøyr, stolpar, bygningar)
•    Husrom for nodebu/noderom/ kabelskåp, elektronikk mm.
•    Område med bidrag frå lokale bedrifter og institusjonar

Adresse for høyringsuttalene:
Innspel og informasjon kan sendast på e-post til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. og merkast "høyringsuttale breibandutbygging", innan 25. april 2016, kl. 12:00.

Kontaktinformasjon:
Valdres sin kontaktperson for ein felles søknad er Aslag Hamre, e-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. , tlf. 95 05 80 09
Meir informasjon om ordninga finn du i skildringa av tilskotsordninga (PDF, 212 kB).

Zo2 Framework Settings

Select one of sample color schemes

Google Font

Menu Font
Body Font
Heading Font

Body

Background Color
Text Color
Link Color
Background Image

Header Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Slider Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Inset Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Bottom Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image
Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image