Valdres

Valdresrådet på fjelltur

GamlestolenI strålande vinterver med sol og mange blå grader, held Valdresrådet møte på Gamlestølen fjellstogo i Etnedal onsdag.

For mange rådsrepresentantar var dette det fyrste møtet med eit litt ukjent område i Valdres – men eit møte som freista til gjensyn. Velkomst av triveleg og entusiastisk vert, Kjell Bergum, gav møtelyden ei god innføring i historikk og utviklingstankar for området. Her, om lag 900-1000 meter over havet, ligg eit fjelleventyr som mange har oppdaga. Hyttetettleiken tyda i alle fall på det. Det var difor store planar for vidare utbygging.

Valdres friluftsråd


Sjølv om veret og flotte løyper freista rett utanfor vindaugo, gjennomførte rådet eit godt og innhaldsrikt møte. Det starta med ein gjennomgang av året for Valdres friluftsråd, eit år som viste stor aktivitet. Svein Erik Ski og Ina Syversen har stått for drifta, fyrstnemnde som vikar medan Ina var i fødselspermisjon.

SveinErik InaSyversen

Svein Erik Ski og Ina Syversen har stått for arbeidet i Valdres Friluftsråd i 2015.

- Som einaste friluftsråd i Innlandet er det kjekt å sjå at ei slik organisering gjer det mogleg å hente ut 2-3 millionar kroner til ulike tiltak, kommenterte Eivind Brenna. Inger Torun Klosbøle tala varmt for å inkludere innvandrarane i friluftsarbeidet, å få dei til å kjenne seg trygge i naturen. - Ikkje alle som kjem er vane med at det er trygt å ferdast utanfor asfalterte striper, sa ho blant anna.

Frivillig løypeavgift


Knut Nes tok opp problematikken rundt frivillig løypeavgift. – Informasjon i Valdresmagasinet fungerer ikkje. Lite kjem inn via dette, sjå heller på andre alternativ, oppmoda han. – Dette meiner eg er eit kommunalt ansvar, svara Kjell Berge Melbybråten. – Dette er inga stor sak, dette greier kvar kommune å handtere, meinte han. Det kom også hjartesukk om at fleire av dei fastbuande måtte vera med å bidra, og at god dialog med grunneigarane var ein føresetnad for løypekjøringa.

Internasjonalt arbeid


Frå Oppland fylkeskommune kom Turid Knutsen-Løvik og Ingun Trosholm for å fortelja om internasjonalt arbeid. – Me jobbar for at flest mogleg skal delta i internasjonale prosjekt, og servar alle miljø i fylket, sa Knutsen-Løvik. Ho understreka at det ikkje måtte vera eventuell pengestøtte som var drivkrafta, men løysing av utfordringar/problemstillingar på regionalt nivå. For Valdres nemnde ho utvikling av utmarksinteresser, gründerskap, stavkyrkjer, reiseliv og TurApp som prioriterte samarbeidsområde. Sistnemnde luktar alt på internasjonal lansering.

Internasjonalt arbeid

Turid Knutsen-Løvik frå fylkeskommunen prata varmt for å delta i internasjonalt arbeid.

Fjellnettverket


Kjell Berge Melbybråten orienterte deretter om Fjellnettverket (tidlegare Fjellregionsamarbeidet) der han er styremedlem. Magne Kampen stilte spørsmål ved kva som kom ut av dette. – Kva foreinar dei som er med?, spurde han. Til dette svara Eivind Brenna at differensiert arbeidsavgift er ei stor sak som har blitt jobba med, likeins finansiering av skiløyper. – Men dette torpederte Finansdepartementet, sa han.

Fjellnettverket KBM

Grei orientering om Fjellnettverket av Kjell Berge Melbybråten.

Haldor Ødegård kom inn på forslaget om å splitte kraftselskapa mellom nett og produksjon, som ei sak Fjellnettverket burde engasjere seg i.  Dette vil få store konsekvensar for dei små selskapa våre, meinte han. Knut Nes heldt eit lenger innlegg med utgangspunkt i boka ”Fjellbygd eller feriefjell” (Terje Skjeggedal og Kjell Overvåg). Han kom inn på utfordringar knytt til deltidsinnbyggarane, ein ny kategori innbyggarar som brukar hytta som sin andre heim, og han ville ha Valdresrådet til å gje innspel til ei Stortingsmelding om temaet. (Bærekraftige byer og sterke tettsteder)


Arbeidsgruppe

 – Godt forslag, kommenterte Kjell Berge Melbybråten, me set ned ei arbeidsgruppe til å sjå på dette. Fristen for innspel er i september, og me tek dette i Valdresrådet til hausten. Gruppa vart slik: Kjell Berge Melbybråten, Knut Nes, Eivind Brenna, Magne Kampen, Inger Toril Holte Breien og Jørand Ødegård Lunde frå adm.

Orienteringar

Under orienteringar fekk me høyre om positivt møte med Avinor som skal ha driftsansvar for charter dei tre komande åra. Vidare om NTP og manglande Valdres-oppføringar her. – Fagernes S – Hande får me inn ved å slå saman kommunane, meinte Eivind Brenna. Vidar Eltun håpa å få inn dei tre kilometrane mellom Turtnes og Øye S. – Det gjev 30 millionar innsparing ved å sjå dette i samanheng med Øye-Eidsbru, sa han.

Kommunereforma var neste tema. – Det framlagte oppgåvefordelingsalternativet skal opp i kommunestyra 17. mars, og det blir lagt opp til ei brei høyring, var meldinga frå Inger Torun Klosbøle.

Til årsmelding og rekneskap vart det gjeve honnør for godt utført arbeid, og næringsstrategien vart også samrøystes godkjent. – Gå ut og speie bodskapen til alle miljø, var oppmodinga frå Magne Kampen.

Både næringsstrategien (Mulighetsstudie for næringsutvikling i Valdres) og dei andre dokumenta kan de lesa her.

Torill

 

Torill Olsson orienterte om arbeidet med næringsstrategi for Valdres.

Valdresraadet

 

Toril Grønbrekk og Kjell Bergum ønska velkomen til Etnedal og Gamlestølen.

Regionstyret

 

Regionstyret.

KjellGranum

Kjell Bergum.

Zo2 Framework Settings

Select one of sample color schemes

Google Font

Menu Font
Body Font
Heading Font

Body

Background Color
Text Color
Link Color
Background Image

Header Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Slider Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Inset Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Bottom Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image
Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image