Valdres

Året 2015 i Valdres Natur- og Kulturpark

AarsmeldingDagleg leiar Jørand Ødegård Lunde (nærast med ryggen til) og økonomiansvarleg Aslag Hamre, fekk ros for godt resultat og god framlegging av fjorårsresultatet. Foto: Nils Rogn

Styret i Valdres Natur- og Kulturpark hadde sist onsdag fjoråret på saklista. Årsmelding og rekneskap vart gått gjennom, og styret gav ros for godt resultat.

Årets resultat med eit mindreforbruk på 1, 2 millionar og eit urørt disposisjonsfond, var sjølvsagt ein grunn til dette. Men også framstillinga og gjennomgangen av fjoråret, gav grunnlag for rosen. Aslag Hamre har hatt overoppsyn med rekneskapen, og fått god orden på gamle og nye posteringar.

Lokalmat og merkevarearbeid

Året 2015 viser stor aktivitet på alle innsatsområda til VNK. Lokalmaten har hatt stort fokus med eige lokalmatprosjekt, lokalmatmarknad under Rakfiskfestivalen, kurs og produksjon av materiell for produsentane. Merkevarearbeidet har hatt diverse profileringsoppdrag med foto, video og utarbeiding av marknadsføringsmateriell for samarbeidspartar.

Kultur

Kulturminnearbeidet har også hatt høg prioritet, og det er søkt om og fått tilsegn for kulturminneplanarbeid i dei to siste kommunane. Langs Kongevegen over Filefjell har det blitt oppretta eit bedriftsnettverk der 15 bedrifter er med. Gjennom Sparebankstiftinga DNB har det kome midlar til tavler, skilt, benker og bord langs vegen. Pilegrimsleden og Fønhusprosjektet er to andre kulturtiltak VNK har vore delaktig i.

StyretStyret tilfreds

– Det framlagte årsresultatet gjer innsalet av VNK lettare. Me kan no vise til kva me har drive med, kva det har kosta og kva resultat dette har gjeve for Valdres, sa Magne Kampen blant anna. Rådmann i Vestre Slidre kommune, Håkon Rydland, slutta seg til og meinte rekneskap og årsmelding var godt framstilt og forklara. Få inn i protokollen at styret er svært tilfreds, sa han.

Linkar

For fullstendig melding om fjoråret, er årsmeldinga lagt ut her, og rekneskapen her.
Referat frå møtet, og saker til Valdresrådet onsdag 9. mars, ligg på denne sida.

Zo2 Framework Settings

Select one of sample color schemes

Google Font

Menu Font
Body Font
Heading Font

Body

Background Color
Text Color
Link Color
Background Image

Header Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Slider Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Inset Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Bottom Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image
Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image