Valdres

Tjueåtte makalause løypelag i Valdres

Makalaus hbElias i fint driv ved Nystølen. Foto: Vidar Skoglund

Makalaus løypelag – kan eit løypelag ha betre namn? Valdres har tjueåtte løypelag – alle makalause – men det er berre eitt som ber namnet. Med Makalausfjellet som naturleg turmål for dei bortimot 400 hyttene i løypelaget, gav namnet seg sjølv.

Dei tre litt større hytteområda som samarbeider om skiløyper i området, ligg ved Stavadalen, Liaåsen og Nyset-Einebu. Hit kjem ein ved å ta av frå E16 i Bagn, kjøre opp Reinli og ta av opp mot Stavadalen og Nordre Fjellstølen. Til Nyset kjører ein inn frå Tisleidalen. Passe langt frå hovudstaden, er det mykje folk frå det området som har skaffa seg hytte her. Framleis er det litt nybygging her og der, men ikkje noko større hyttebygging akkurat no.

80 km med løyper

Makalaus ekstraRundt 80 kilometer makalause løyper tilbyr det forholdsvis ferske laget. Vidar Skoglund som er styreleiar, fortel at det i år er andre sesongen deira. – Me starta opp for rundt tre år sidan med å prøve å få til eit koordinert løypenett for dei tre hytteområda som grensar inntil fjellet. Tidlegare har det vore kjørt litt her og der med snøskuter, men ved å knyte løypene saman, ville fleire få glede av det flotte, for ikkje å seia makalause, området, fortel han.

Løypemaskin


- Me hadde ei tøff runde med innsamling av pengar for å kjøpe løypemaskin, men fekk inn nok til ei fire-fem år gamal maskin som er 2,8 meter brei og kjører opp doble spor. Særleg god hjelp til maskina fekk me frå Sparebankstiftelsen DnB som støtta oss med 300 000 kroner. Ei slik maskin krev nokså brei trase, og det vart lagt ned enorm dugnadsinnsats for å rydde skog. Makalausfjellet manglar ein meter på å nå opp i 1100 moh., men storparten av løypenettet går nede i småskogen. Dette er ein fordel i vindver, meiner Skoglund.

Løypelaget har eit godt forhold til grunneigarane i området, og får legge løypene langs naturlege traseval. Mykje av løypenettet går i gamle etablerte skutertrasear, men der ein tidlegare køyrde over vatn, har ein no valt å legge spora rundt. – Skuterkjøraren vår har med den nye maskina fått ein mykje betre arbeidsplass, og gjer ein flott jobb. Løypemaskina står parkert på hyttetunet hans, men på litt sikt håpar me å få opp ein enkel garasje å sette henne i, seier Vidar Skoglund.

Varmebu


Sjølv om laget som sagt har rundt åtte mil med skispor, er det ynskje om å knyte løypenettet både mot Nordre Fjellstølen og Tisleidalen. – Me har snakka med Tisleidalen løypelag, og neste år blir det dugnadsjobbing med å rydde ein fire-fem kilometer lang trase som knyter løypenetta våre saman, fortel Skoglund. Eit anna prosjekt som blir realisert alt i år, er utplassering av ei varmebu. Gjennom søknad frå Valdres Natur- og Kulturpark, har Sparebankstiftelsen DnB gjeve midlar til tre slike buer, og ei av dei skal opp på Makalausfjellet. – Ein hytteeigar har sponsa oss med ein vedomn,, kanskje kan ein vedprodusent sponse oss med litt ved, undrar Skoglund.

Frivillig løypeavgift


Men økonomien til drift av løypelaget, er som for alle andre lag, tufta på at folk som nyttar skispora betalar ei frivillig løypeavgift. – Lønning av løypekjørar, forsikringar og ei avgift til skisporet.no er faste utgifter. Heldigvis har me fått nokre sponsorar frå næringslivet, der den eine sponsar oss med diesel. Det er me svært takksame for, avsluttar Vidar Skoglund.

Finn løypelaget ditt her - http://www.valdres.no/loypelag - logg inn på nettbanken, og gje ein tusenlapp for innsatsen som blir lagt ned for å gje deg gode skiopplevingar heile vinteren!

Makalaus Einebu

Stemning i løypa ved Einebu. Foto: Vidar Skoglund

Zo2 Framework Settings

Select one of sample color schemes

Google Font

Menu Font
Body Font
Heading Font

Body

Background Color
Text Color
Link Color
Background Image

Header Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Slider Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Inset Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Bottom Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image
Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image