Valdres

450 000 kroner til ni Valdres-festivalar

FFestivalstrategiStyret i VNK hadde fordeling av festivalstøtte oppe som ei av sakene onsdag. Innstillinga vart stort sett følg, med ei mindre endring for to festivalar.

Dei ni festivalane som får festivalstøtte har i år ein pott på 450 000 kroner til fordeling. Dette er 150 000 kroner mindre enn i fjor.  Alle får dermed ein mindre sum frå VNK dette året. Tildelinga blir gitt etter visse kriterium, der det viktigaste er at festivalen støttar opp om Valdres som merkevare og nyttar Valdreslogoen. Samarbeid med andre festivalar, og deltaking i Festivalnettverket som VNK kallar inn til tre gonger i året, er eit anna krav.

Ringverknader

Vidare blir det oppmoda om å nytte lokal mat og andre lokale produkt på festivalen. Valdres har mange gode lokale produkt av høg kvalitet som festivalane bør støtte opp om.  Ringverknader i vid forstand er dessutan eit viktig kriterium, og det blir ei oppgåve for VNK å utarbeide ein metode for å kunne måle dette. Støtta som blir gitt, er meint som ei påskjønning til dei som oppfyller innsatsområda i strategien.

Krav for å vera festival

Kva er så ein festival i denne samanheng? I Festivalstrategien for 2015-2016 som festivalane i fellesskap har vorte einige om og som styret tidlegare har vedteke, står det at:

• Arrangementet må vare minst 2 dagar
• Arrangementet må ha minst 1000 deltakarar/gjester
• Arrangementet skal vere årleg
• Arrangementet skal vera stadbunde
• Programmet skal ha høg kvalitet av nasjonal interesse
• Arrangementet må ha eige sekretariat og leiar
• Arrangementet skal aktivt støtte opp om festivalstrategien og
merkevarebygginga i Valdres
• Festivalen må ha eit langsiktig perspektiv med utviklingspotensiale.
• Festvalen må ha eksistert i minst 2 samanhengande år

Styret 1Katharina Sparstad har hand om Festivalnettverket og la fram forslag til fordeling av midlar. Foto: Nils Rogn
Store arrangement som ikkje fell inn under festivaldefinisjonen, er ikkje mindre viktig i høve til merkevarebygging og ringverknader for Valdres. VNK vil derfor legge opp til ei årleg samling for både festivalar og store arrangement.

Styret gjorde ei lita endring i den fordelinga som var foreslege. Hemsingfestivalen fekk plussa på 5 000 kroner, og LiV-dagane gjekk tilsvarande ned.

Festival  Tildelt 2016
 Valdres Sommersymfoni  60 000
 Beitosprinten  55 000
 Vinjerock  65 000
 Norsk Rakfiskfestival  65 000
 Jørn Hilme-stemnet  70 000
 Ridderrennet  35 000
 LiV-dagane  15 000
 Trollrock  55 000
 Hemsingfestivalen  30 000
   450 000

Festivalnettverket i Valdres. Evaluering av festivalstrategi 2016-2018

Zo2 Framework Settings

Select one of sample color schemes

Google Font

Menu Font
Body Font
Heading Font

Body

Background Color
Text Color
Link Color
Background Image

Header Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Slider Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Inset Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Bottom Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image
Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image