Valdres

Næringsstrategi for Valdres

Innspelmote 2Arbeidet med å laga ein heilheitleg og overordna strategi for næringsutvikling i Valdres nærmar seg ein konklusjon. Nyleg vart det halde eit siste innspelmøte på Valdres Vidaregåande skule, der om lag 25 av dei meir enn 60 som har vore på speeddate – personleg eller på telefon, møtte.

Det er rådgjevingsselskapet Mimir som skal utarbeide strategien, og som har gjennomført speed-datinga i lag med Svein Erik Ski frå Valdres Natur- og Kulturpark. Torill Olsson frå Mimir la fram resultata frå arbeidet så langt, og fekk innspel tilbake. Tida fram til ferdigstilling er knapp, 16. februar skal strategien leverast.

Mimir sitt forslag til strategiar framover gjekk på fem punkt:     
    
•    Tradisjon og innovasjon som hovudgrep
•    Styrke arbeidet med merkevara Valdres og 
innhaldet i den
•    Styrke vekstkraften i utvalde bransjar og sektorar
•    Infrastruktur og lokalsamfunnsutvikling
•     Entreprenørskap og framtidig utviklingsevne

Etter modell frå framtidsavisa ”Valdresbladet” 15. juni 2017 som skulle beskrive resultatet etter 10 år med natur- og kulturpark, var fyrste oppgåva for forsamlinga å finne overskrifter på ei liknande avis frå 2030. Mange kreative forslag kom inn her, sjå illustrasjon. Oppgåve to var å definere mål for dei fem strategiane, og til slutt skulle ein sjå på kva som må til for å gjennomføre dei måla ein set seg.

Innspelmote

Valdresbladet 2030 fekk mange spennande overskrifter. Foto: Svein Erik Ski

Det vart ein engasjert debatt, fyrst i grupper og deretter i plenum. Om alt som kom fram blir realisert, ser framtida i Valdres lys ut. Viktigast blir å sjå mulegheitene og ikkje begrensingane. Skap møteplassar, ta med ungdom og vis dei tillit og ver omstillingsvillige, var nokre av stikkorda.

Innspelmote 4

Elevane på restaurant- og matfag ved Valdres vidaregåande skule stod for trakteringa på møtet. Vel verdt ein takk! Foto: Nils Rogn

Næringsstrategien blir handsama i styret i VNK 2. mars, og kjem deretter opp i Valdresrådet 9. mars.

Innspelmote 3

Kjell Berge Melbybråten takka Torill Olsson for arbeidet så langt med næringsstrategien. For dette mottok ho Valdreskippen, ei enkel plate å ha med for å kippe hundelorten ut frå skispor og gangveg. Utviklar Syver Thon deltok på møtet. Foto: Nils Rogn

Zo2 Framework Settings

Select one of sample color schemes

Google Font

Menu Font
Body Font
Heading Font

Body

Background Color
Text Color
Link Color
Background Image

Header Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Slider Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Inset Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Bottom Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image
Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image