Valdres

Felles distribusjon og marknadsføring av lokalmat

Lokalmat hbReferansegruppa: Frå venstre spesielt inviterte Eivind Hålien, Ragnhild Mobæk (prosjektleiar), Espen Blåfjelldal, Kathrin Aslagsby, Svein Erik Wold og Guri Grønolen. Foto: Nils Rogn

- Eg er superstolt over det de har fått til i Valdres med lokale matprodukt! Merkevara Valdres står sterkt, og de har vore kjempegode. Langsiktig, hardt arbeid er det som skal til for å lykkast, og de er på rett veg!

Orda tilhøyrer Eivind Hålien, produktgruppesjef i Norgesgruppen. Han var invitert til møte i referansegruppa som arbeider med modellar for samarbeid om sal og distribusjon av mat frå Valdres. Innovasjon Norge, har finansiert eit forstudie på dette. Dessutan  støttar Fylkesmannen i Oppland opp om lokalmatsatsinga i Valdres, og bidreg fagleg i arbeidet i referansegruppa. Ragnhild Mobæk er engasjert som prosjektleiar. Med i referansegruppa er Espen Blåfjelldal, Svein Erik Wold, Kathrin Aslaksby og Guri Grønolen.

Felles distribusjon

Forstudiet skal finne ut korleis ei felles distribusjonsløysing kan organiserast, kven ein skal selja varene til, marknadsføring og ikkje minst finne fram til samarbeid og forankring mellom alle lokalmatprodusentar. Spørsmål ein må ta stilling til, er om produkta skal marknadsførast under felles merke – Lokalmat frå Valdres – eller at kvar produsent har sine eigne merke.

Avis og mat

Frå lokalavisa kom sjefsredaktør Ivar Brynildsen med eit spenstig innspel om samarbeid.– Me hadde møte med vår distributør i går, der levering av lokale matpakker på døra i lag med ferske aviser var tema. Kva om me lagar eit samarbeid på dette, spurde han. Responsen var at eit møte vart avtala for å sjå nærare på løysingar.

Eivind og Ivar web

 Valdresferekle og matpøsar til Eivind Hålien og Ivar Brynildsen. Foto: Nils Rogn

Hålien imponert

Eivind Hålien var som me innleidde med, kjempeimponert over lokalmatsatsinga. – Det er kjekt å koma attende til Valdres (Eivind er frå Høresbygda i Vang), og bidra med noko av det eg har lært ute, innleidde han. Viktige punkt for at forretningane hans i Norgesgruppen tok imot varer, var at mattryggheit, at varene var registrert i sentrale bransjeregister og at eit distribusjonsapparat måtte vera i orden.

Bruk merkevara!

- Det er på hylleplass og synlegheit at slaget står. For å få sal, må også butikkane følgjast opp. Vel difor færre butikkar, ver selektiv, var rådet hans. Han meinte vidare at avgjerande for eit godt resultat, var å ha ein person som var god til å selja varene inn til butikk over tid. Langsiktigheit og hardt arbeid måtte til. – Og bruk merkevara dykkar – Valdres, oppmoda han.

Marknadsføring

Fleire meinte det var viktig å kombinere lokalmat og reiseliv, og at ein drog VisitValdres med i arbeidet. Like viktig var det at alle lokalmatprodusentar, både små og store, vart inviterte med i satsinga. - Me bør ut på kjøpesentra og marknadsføre oss. Kvar produsent bør stille opp ein gong i året på ein slik turné. Materiell har me, både standsmateriell, matpøsar og Valdresferekle som lokalmatprosjektet har skaffa oss. Ut og bruk det, var ein av konklusjonane i gruppa.

Zo2 Framework Settings

Select one of sample color schemes

Google Font

Menu Font
Body Font
Heading Font

Body

Background Color
Text Color
Link Color
Background Image

Header Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Slider Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Inset Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Bottom Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image
Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image