Valdres

ValdresTV frå avishuset

Valdres tvMor og syster til juniorverdsmeister Harald Øygard var på plass i studio under sendinga fredag. Sjefsredaktør Ivar Brynildsen styrte mikrofonen, og sportsjournalist Kåre Strande sette prestasjonen inn i eit historisk perspektiv. Foto: Nils Rogn

Det som skulle vera direktesendt tv frå det nye studioet i avishuset, vart grunna nettsamanbrot hjå Telenor eit program som vart sett saman i etterkant. Men nerven var absolutt på plass likevel, då me stakk innom ved planlagt sendestart kl. 15 fredag.

Norske flagg og lettare stressa mediefolk var i rampelyset og gjennomførte opptaka som om det var live-sending. Flagga vart sjølvsagt vifta med til ære for vår nybakte verdsmeister, Harald Øygard. Mor og syster var på plass, og sportsjournalist Kåre Strande likeså. Sjefsredaktør Ivar Brynildsen styrte mikrofonen og samtalen, medan overkikador Roy Myrland følgde nøye med frå sidelina. Og bak kamera og datautstyr sat Krister Strand og Ben Ormstad.

Nettproblem

- Me taklar snøstorm på Beitostølen, gatesending frå Rakfiskfestivalen og sendingar frå Skysstasjonen, men når me skal sende frå eige studio i avishuset, stoppar Telenor oss, seier primus motor for tv-sendingane til avisa, Roy Myrland, lettare frustrert. Myrland driv nettsida langsveien.no, og er valdresentusiast og multimediamann på sin hals.

Meir TV

Som han er inne på starta tv-sendingane så smått i haust, og sjefsredaktør Ivar Brynildsen fortel at erfaringane så langt er gode, og at avisa kjem til å satse meir på tv-mediet. – No har Håkon Bakkene innreia eit flott studio her, og det blir meir lettvint når me kan sende direkte frå avishuset. Typisk nok skjedde det eit samanbrot hjå Telenor akkurat før sending i dag, men normalt skal alt fungere greitt. I tillegg til sendingar herifrå, er planen å vera ute og sende direkte frå større arrangement/hendingar.

Ferdiglaga innslag

I tillegg til å sende direkte, blir dei timelange sendingane fylte med ferdiglaga reportasjar som Roy Myrland har vore rundt i Valdres og laga på førehand. – Utfordringa er å finne økonomi til å få på plass eit fast opplegg for dette. Enn så lenge blir ValdresTV eit tilbod som vil koma med ujamne mellomrom, avsluttar Brynildsen.

Klikk inn på nettavisa til "Valdres", på langsveien.no eller direkte på YouTube og sjå sendinga. I tillegg til jubel over verdsmeister Harald Øygard, er det denne gongen innslag frå møtet på Beitostølen om eventuell kommunesamanslåing, fellesdrift i Sør-Aurdal, Ung i Valdres og mykje meir.

Klikk her for å sjå sendinga hjå Avisa Valdres eller YouTube

Zo2 Framework Settings

Select one of sample color schemes

Google Font

Menu Font
Body Font
Heading Font

Body

Background Color
Text Color
Link Color
Background Image

Header Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Slider Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Inset Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Bottom Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image
Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image