Valdres

Valdres ser framover

Gruppe8Magne Kampen (til venstre) og Helge Lajord i fremste rekkje her, var aktive i gruppearbeidet. Foto: Nils Rogn

Vegen vidare for Valdres Natur- og Kulturpark var tema for næringslivet og det politiske og administrative Valdres på ei stor konferanse onsdag 20. januar. Heile Valdresrådet, alle formannskapsmedlemmer og sentrale samarbeidspartar var invitert, og vel seksti møtte fram.

Innspelkonferansen vart opna av nyvalt regionleiar, Inger Torun Klosbøle. Som opptakt til gruppearbeid og diskusjon om vidare utvikingsarbeid i Valdres, fekk forsamlinga fire relevante foredrag; om merkevarebygging, regional kapasitet, parkkonseptet og til sist om merkevara Valdres og kva ein har oppnådd i desse snart ni åra.

Merkevarearbeid og involvering


Frå Innovasjon Norge kom spesialrådgjevar Oscar Kipperberg og fortalde om utfordringar knytt til merkevarebygging. Innovasjon arbeider med Norge som ”brand” eller merkenamn, og målet er å knyte gode assosiasjonar hjå mottakarane når landsnamnet vårt kjem opp. - Kjennskap, kunnskap og attraktivitet skapar merkevara, og gjev ein kundeverdi, sa han.

- Omdømme og merkevarebygging handlar om å ta ein strategisk posisjon, å dekke eit behov. Ei sterk merkevare aukar konkurransekrafta, og skapar ein meirverdi for produkt og tenester, var bodskapen hans.  Vidare poengterte han kor viktig det var å involvere innbyggarane. I neste omgang vil dei då ta seg godt av dei som kjem til oss.

Tillit er nøkkelen

Frå vestsida av fjella kom Roar Vangsnes og fortalde om regional kapasitet – tillit og samarbeid mellom kommunar i Valdres. Vangsnes er rådgjevar ved Distriktssenteret i Sogndal, som er eit kompetansesenter for distriktsutvikling. Han delte kommunane inn i tre utviklingsprofilar; dei som var frampå (tenkjer langsiktig, tek val, har gode rutinar, god medverknad og godt drilla stab), dei som var på rett veg (positive og har vilje, men manglar litt på gjennomføringsevne) og dei som er i bakevja (prega av konfliktar, hyppige leiarskifte, intern fokus, dårleg økonomi og sett på sidelina).

- Bygging av tillit er nøkkelen til ei god utvikling. Når folk med ulike interesser og kompetanse samarbeider i tillitsfulle nettverk, skapar det suksess. Finn fram til felles verdiar, interesser og identitet. Legg inn tillit og toleranse, og de har eit godt utgangspunkt for å lykkast i utviklingsarbeidet, meinte han, og fastslo at Valdres hadde kome langt desse ni åra. Men som han også sa, tillit blir bygt millimeter for millimeter, men kan rivast i meter.

Samordna innsats

Eivind Brenna er styreleiar i Norske Parker, og har vore sentralt med i Valdres Natur- og Kulturpark sidan starten i 2007. - Langsiktig merkevarebygging knytt til lokale kvalitetar og lokal styring, vil gje auka verdiskaping. Dette er fundamentet til VNK, sa han. Gjennom parkorganiseringa får Valdres samordna innsatsen innafor utviklingsprosjekt og tiltak, får god kontinuitet og ei meir heilskapleg forvalting og utvikling av regionen. – For oss som bur her, er effektane av at me er ein park verdiar som stoltheit, identitet, glede, lykke, inspirasjon og fellesskap, meinte Brenna.

Det var en gang

Henning Wangsnes gjekk tilbake til bakgrunnen for opprettinga av VNK, og verdigrunnlaget parken var tufta på. Foto: Nils Rogn

Valdres skjerper sansane


Kreativ sjef i VNK, Henning Wangsnes, avrunda fyrste del av konferansen med å sjå på kva som er oppnådd, og han drog også nokre tankar om vegen vidare. Ved kreative og humoristiske teikningar tok han forsamlinga med på eit historisk tilbakeblikk, og jobben med merkevarebygging. - Visjonen er at Valdres skal vera landets sterkaste regionale merkevare. Langt på veg har me lykkast med dette. Valdres har no ein større posisjon i folks bevisstheit enn før me starta, hevda han. Slagordet ”skjerper sansane” måtte takast meir i bruk framover. – Fundamentet for dette slagordet er det rike mangfaldet me har av sterke sanseopplevingar og inntrykk. Forskinga støttar oss på dette ved at dei har bevist at ost og rakfisk skjerper hjernen, smilte han.

Fleire samarbeidspartar

Wangsnes var klar på at ein framover må finne gode samarbeidspartar i merkevarearbeidet. – Me må knytte til oss dei som trur på det me driv med.  Produkt som formidlar dei rette verdiane og som gjev dei rette assosiasjonane, er det viktig å støtte opp om. Me ein logo som alle kjenner til, og som nokre (over 30!) faktisk har tatovert på kroppen. Dei er levande merkevarebyggarar, meinte han

Gruppearbeid

Del to av konferansen starta med at åtte grupper fekk ein time på seg til å dra opp nokre tankar om VNK inn i framtida. Praten gjekk livleg om merkevarebygginga framover, parkkonseptet som utviklingsmodell, skaping av endringskultur, forsterking av næringsarbeidet, bruk av kultur og kulturminnevern i utviklingsarbeidet og skaping av betre sosiale møteplassar for både heiltids- og deltidsbuande i Valdres.

Gruppearbeid

Under gruppearbeidet kom det fram mange gode tankar om kva som er viktige saker ein natur- og kulturpark bør jobbe med. Foto: Nils Rogn

Vegen vidare

Forsamlinga verka samstemt om at parken måtte vidareførast, og at merkevara Valdres står sterkt. Gruppearbeida vil danne grunnlag for behandling i styre og Valdresråd i mars, og endeleg behandling i dei enkelte kommunestyra i juni.

Her er stikkord frå gruppearbeidet

Vidar

Vidar Eltun summerte opp dagen, og fekk eit "Valdresferekle" som takk. Foto: Nils Rogn

Zo2 Framework Settings

Select one of sample color schemes

Google Font

Menu Font
Body Font
Heading Font

Body

Background Color
Text Color
Link Color
Background Image

Header Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Slider Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Inset Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Bottom Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image
Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image