Valdres

Leiarskifte i Valdres Natur- og Kulturpark

Marit og Jorand II

Dyktige damer: Marit takkar av og ynskjer Jørand lykke til.

No ved månadsskiftet vart det også skifte i leiinga av Valdres Natur- og Kulturpark. Marit Blomlie som har vore konstituert i stillinga i to år, overlet sjefsstolen til Jørand Ødegård Lunde.

Jørand er 54 år, og kjem frå Øye i Vang. Ho er oppvaksen i Øygarde i Ellestadbygda i Vestre Slidre, og har hatt eit aktivt liv i politikken. – Eg gifte meg med Johannes i 1983, og saman har me tre vaksne jenter. På garden har me drive aktivt med pelsdyr og sau. Gardkjerring er ein yrkestittel eg kan identifisere meg med, seier ho.

Valdres inn i framtida

No må ho kombinere den tittelen med tittel som dagleg leiar i Valdres Natur- og Kulturpark. – Eg gledar meg til å ta fatt på arbeidet saman med alle dei gode og kompetente medarbeidarane. I lag med offentleg og privat sektor skal me ta tak i utviklinga av Valdres. Identiteten og det beste av røtene våre må me ha med oss inn i ei  ny tid. Eg ser på VNK som ein koplingsboks som skapar synergiar ved å kople ting saman, seier ho.

Lykke til

Avtroppande konstituert dagleg leiar dei siste to åra, Marit Blomlie, har hatt to krevjande men spennande år. Ho ynskjer Jørand lykke til med arbeidet for å skape ei god framtid for Valdres. – Det blir nok framleis både krevjande og spennande arbeid, men Jørand har dei beste føresetnader for å få til ei god utvikling, meiner ho.

Marit og Jørand I

 

Zo2 Framework Settings

Select one of sample color schemes

Google Font

Menu Font
Body Font
Heading Font

Body

Background Color
Text Color
Link Color
Background Image

Header Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Slider Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Inset Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Bottom Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image
Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image