Valdres
Feil
  • Feil ved lasting av datamating

Beez5

Ungt entreprenørskap

Har Jon Helge Skjærstein, Marte Sørflaten og Tommy Dokken skote gullfuglen med produktet sitt? Foto: Nils Rogn

I klasse 3P på Valdres vidaregåande skule er det eit kreativt miljø. Fem elevbedrifter er i full sving med å utvikle idear og produkt i god entreprenørskapsånd.

Tidlegare har me presentert dei fire i bedrifta ”Valdresstil” som har hatt suksess med mobildeksel med Valdreslogo. Her om dagen kom tre elevar frå bedrifta JOTOMA UB innom. Ideen deira var å produsere ei avansert hurtigkopling for vasslangar. – Eg klundra fælt med å skrue ein slange til springen i fjøset her i vinter, og tenkte at dette burde kunne gjerast enklare. Vel inne att sette eg meg til datamaskina og laga ei skisse, fortel Jon Helge Skjærstein, som er dagleg leiar i bedrifta.

Han står for dei to fyrste bokstavane i bedriftsnamnet, Tommy Dokken og Marte Sørflaten for dei fire neste. Jon Helge og Tommy er barndomskameratar frå Sør-Aurdal, og Marte kjem frå Etnedal. Dei to fyrste åra på vidaregåande gjekk Jon Helge Skjærstein på byggfag, medan Tommy Dokken tok elektrofag. Marte Sørflaten gjekk service og samferdsel på Lillehammer. No brukar dei fire timar kvar veke på bedrifta og produktet sitt. Til å hjelpe seg med data- og papirarbeid har dei med Ole Gunnar Stensrud, tidlegare IKT-lærling på VVS, og Milos Lolo som har gått helse og sosial. Mentor for bedrifta er bulystkoordinator i VNK, Lillann Haugen Strand.

 

Ungdommane søkjer råd hjå mentor Lillann Haugen Strand til høgre i bildet. Foto: Nils Rogn
Ungdommane søkjer råd hjå mentor Lillann Haugen Strand til høgre i bildet. Foto: Nils Rogn

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 Skissa/teikninga av koplinga har vekt interesse, og det er avtala eit møte med professor Sjur Dagestad frå NTNU torsdag denne veka. Her vil dei få ei profesjonell vurdering av ideen. Ein enkel 3D versjon av koplinga er laga.  Det står også att å krasjteste produktet - å ta ei kundeundersøkjing, spørje folk om dette er noko dei treng. Koplinga vil egne seg spesielt godt for folk som har vanskar med å skru i hop ting.

Dei tre held elles teikninga og ideen temmeleg tett til kroppen. Her skal ingen ting lekkast før produktet er testa. Kanskje kan det ligge ein stor marknad der ute, og då må ingen andre kapre produktet. Fyrste mål er innlandsmessa for ungdomsbedrifter på nyåret. Går det bra her, er det NM i ungdomsbedrift til våren.

Zo2 Framework Settings

Select one of sample color schemes

Google Font

Menu Font
Body Font
Heading Font

Body

Background Color
Text Color
Link Color
Background Image

Header Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Slider Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Inset Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Bottom Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image
Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image