Valdres
Feil
  • Feil ved lasting av datamating

Beez5

Suksess for snøggtreffet

Mange med lokalmat i fokus. Foto: Nils Rogn

Snøggtreffet? Ja, dei kalla det så dei to som tok initiativ til at lokalmatprodusentar, butikkar, restaurantar og reiselivet treftest på Fagernes hotell no onsdag.

Guri Grønolen frå Fylkesmannen i Oppland og Magnus Lajord som har hatt ansvaret for landbruksprosjektet ”Ny giv – aktivt vegval” i Valdres Natur- og Kulturpark, hadde sett behov for at desse gruppene møttest relativt snøgt. Fylkesmannen i Oppland har utarbeidd ein samarbeidsplan for lokalmatsatsing i fylket, og Magnus har utarbeidd ei landbruksmelding for Valdres der lokalmaten har ein viktig plass.

Marknad i vekst

Initiativtakarane Guri Grønolen og Magnus Lajord. Foto: Nils Rogn
Initiativtakarane Guri Grønolen og Magnus Lajord. Foto: Nils Rogn

Mellom 50 og 60 kom til treffet som starta med ein fagleg del. Guri Grønolen viste til at marknaden for lokalmat veks omtrent dobbelt så snøgt som totalmarknaden, og har no ein verdi på tre milliardar kroner i Noreg. Både Valdres Natur- og Kulturpark og fylkesmannen arbeider for å fremme lokalmat, og med det bidra til verdiskaping og sysselsetjing. Magnus Lajord håpa treffet kunne vera med å bygge relasjonar mellom dei ulike gruppene, og at ein fekk oversikt over produktspekter og salsledd.

Finne sin plass

Frå Lillehammerbedrifta Fossekall AS kom Vigdis Myhre Næsseth og Henning Holmbakken. Dei hjelper lokalmatbedrifter til å finne si nisje i marknaden, bistår med søknader og finansieringsplaner og gjev råd om rett salskanal. Det er viktig å finne ut om produktet ditt passar best i daglegvarehandel, til storhushaldning, direkte sal eller i spesialbutikkar. Vigdis M. Næsseth påpeikte at jamn leveranse gjennom året vil gje ein bra sluttsum.

Samarbeid viktig

Henning Holmbakken var opptatt av distribusjon. – Dei fleste butikkar vil helst sleppe å ha kvar enkelt produsent på døra, så eit samarbeid mellom fleire er bra. Og det må vera ei ordning som fungerer, sa han. Frå ICA-Matkroken i Etnedal kom Stein Erik Bergene. – Ikkje gløym Etnedal, dei tre butikkane hjå oss omset for 40 millionar i året. Eg er engasjert i lokalmat, og me har fleire produkt i hyllene, sa han, og viste til Gardsisen, Arnoldpølsa, Etnedalspølsa og rakfisken.

Trond Wahlstrøm og Beitoosten var på plass. Etterpå skulle han inn til Mathallen i Oslo med varer frå 10 lokale produsentar. samarbeidet er i gang! Foto: Nils Rogn
Trond Wahlstrøm og Beitoosten var på plass. Etterpå skulle han inn til Mathallen i Oslo med varer frå 10 lokale produsentar. Samarbeidet er i gang! Foto: Nils Rogn

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Volum

Distribusjon, leveringssikkerheit og kvalitet på produktet var avgjerande faktorar for at han ville ta inn ei vare. – Me satsar sjølvsagt på det me trur me tener pengar på. Produsentar bør starte med 1-2 produkt, og fokusere på å få litt volum på dei. Det er eit stort potensiale med 2 000 hytter i tillegg til fastbefolkninga i kommunen. Og bruk Valdreslogoen på emballasjen, appellerte han.

Gjermund Granum stilte med smaksprøver på Gardsisen sin. Foto: Nils Rogn
Gjermund Granum stilte med smaksprøver på Gardsisen sin. Foto: Nils Rogn

Eiga nettside

Kjøkensjef ved Danebu Kongsgaard, Erling Theodorsen, prøvde så langt råd å bruke lokal mat i sitt kjøken. – Eg veit det finst mange gode lokale råvarer, men det er vanskeleg å finne dei. Eg kan ikkje bruke lang tid på å ringe rundt eller leite på nettet, så difor burde det lagast ei eiga oversiktleg nettside med alle som leverer råvarer og produkt. Her kunne kvar produsent presentere seg og sine varer, og det burde leggast til rette for bestilling, sa han.

Mattradisjon

Han fortalde at det var mange kokkar som kom til Danebu for å lære om lokal mat og norske mattradisjonar. - 95 prosent av alle kokkar er utanlandske utan norsk mattilhørigheit. Kva med å lage ein felleskveld for alle valdreskokkar der 5-6 rettar vart laga av lokale råvarer, spurde han. Han meinte elles at å få inn sine råvarer i eit kjøken som Danebu var god marknadsføring. – Me fortel om dykk og korleis det folk får servert er framstilt før det kom hit til Kongsgaarden. Ferske grønsaker kjem frå Slidreøya, rakfisk frå Noraker og fjellgris frå Ødegaard. Julesylta me lagar er frå ei oppskrift frå 1929, fortalde han.

 

 

 


Snøggtreffing

Marit og Geir Helge Espeset har drive Valdres Vilt og tradisjonsmat eit år tid, med eige utsal frå garden. - Veldig bra, så langt, seier Marit. Foto: Nils Rogn
Marit og Geir Helge Espeset har drive Valdres Vilt og tradisjonsmat eit år tid, med eige utsal frå garden. - Veldig bra, så langt, seier Marit. Foto: Nils Rogn

Deretter vart det snøggtreffing – speed-dating – mellom dei frammøtte. Ein del produsentar hadde med sine varer som kjøpmenn og reiselivsfolk fekk smake og vurdere. Snøggtreffet avslørte at viljen til å bruke lokal mat er der, men det må til meir kunnskap om kvarandre. Både natur- og kulturparken og fylkesmannen er innstilte på å følgje opp innspela, og det blir sendt ut eit evalueringsskjema til alle i etterkant. Eit nytt snøggtreff blir vurdert til våren.

Zo2 Framework Settings

Select one of sample color schemes

Google Font

Menu Font
Body Font
Heading Font

Body

Background Color
Text Color
Link Color
Background Image

Header Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Slider Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Inset Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Bottom Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image
Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image