Valdres

Beez5

Henning Wangsnes kreativ sjef i VNK

Fredag fekk Henning Wangsnes jobben som kreativ sjef/kommunikasjonssjef i Valdres Natur- og Kulturpark, måndag stilte han på jobb!

Mange kjenner Henning frå bedrifta Kreativ strek som han etablerte og bygde opp frå 2006. No ville han gjerne vidare, og prøve andre ting. – Om det er det plass for mi kompetanse i andre verksemder, var eg no klar for å bryte ut av Kreativ strek-bobla. Utlysinga her hjå dykk kom i så måte til rett tid, og var utfordrande og interessant for meg, seier han, og er svært takknemleg for å ha fått jobben.

Har historikken

Henning har følgt med VNK frå den tidlegaste fase, og var personen som utforma logo og designprofilen tilbake til 2006. Når han no skal inn og ta føringa i merkevarebygginga av Valdres, blir det med god ballast både i konseptet og i regionen. - Eg kom til Valdres 10. februar 1997, til ein jobb i avisa Valdres. Sjølv om det var nokså tilfeldig at eg hamna akkurat her, føler eg meg no som ein av dykk. Eit år etter at eg kom, traff eg Mette, og me bur no under same tak oppi Ranheimsbygda i lag med dei to borna våre, fortel han.

Primærnærina viktig

- Det blir ekstremt spennande å jobbe med kommunikasjon i natur- og kulturparken. Før har eg ofte hatt 20-30 mindre prosjekt å jobbe med samtidig, no får eg eitt stort prosjekt – VALDRES. Det kjenner eg både som ærefullt og godt, smiler Henning Wangsnes. Skal han trekkje fram noko han brenn spesielt for, blir det primærnæringa – gard og støl – og kulturlandskapet i Valdres. Han vil gjerne vera med og hjelpe produsentane til meir foredling av råvarene, det er her verdiskapinga skjer. Stølen og stølslivet får ei høg stjerne hjå Henning, ikkje minst i kombinasjon med reiselivet. – Sykkelproduktet til Valdres Destinasjon er spennande. Her ligg det mange mogelegheiter, seier han.

Unike Valdres

- Me må få fram det unike ved Valdres, kva det er som skil oss frå konkurrentane våre. Kort sagt kva det er som gjer at turistar veljer Valdres framfor andre reisemål. Vidare blir det moro å prøve å vera litt visjonær, å gjera seg nokre kongstankar for Valdres. Å løfte ein heil region er ei stor utfordring, seier Henning Wangsnes.

Identitet

Henning har teke vekk Smith-etternamnet, og valt å vidareføre slektsnamnet til mora. – Smith er det millionar som heiter, men Wangsnes-namnet frå Fjærlandsfjorden er unikt og frå morfar min. Dette ville eg gjerne vidareføre og gje til borna mine. Det seier meir om kven ein er, og så er det finare, smiler Henning, som dermed stadfestar at identitet er viktig.

Zo2 Framework Settings

Select one of sample color schemes

Google Font

Menu Font
Body Font
Heading Font

Body

Background Color
Text Color
Link Color
Background Image

Header Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Slider Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Inset Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Bottom Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image
Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image