Valdres

Beez5

Bulyst for Valdres-ungdom

Frå venstre Ottar Henriksen, Petra Skoglund, Vidar Eltun og Lillann Haugen Strand. Foto: Nils Rogn

”Sjå sole…..” Ordførar Vidar Eltun var i god songstemning under opninga av temadagen for dei tilsette på Valdres vidaregåande skule sist fredag. Sola skein, det var Rakfiskfestival og temaet for dagen var av det positive slaget.

Lillann Haugen Strand som leier bulystprosjektet til Valdres Natur- og Kulturpark, hadde fått ein halv dag for å orientere og inspirere personellet ved skulen. Forutan vangsordføraren hadde ho kapra kapasitetar som Ottar Henriksen og Petra Skoglund. Fyrstnemnde er prosjektdirektør ved SINTEF Raufoss Manufacturing AS og styreleiar i Lean Forum Norge og i NHO Innnlandet. Skoglund er direktør ved Vitensenteret Innlandet på Gjøvik.

Gje ungdommen tillit og ansvar

Temaet var korleis skulen kunne vera med til å hjelpe ungdom og unge vaksne til å bli aktive medskaparar for ei god framtid i Valdres. – Etter at ungdommen har vore ute og lufta seg litt, vil me sjølvsagt at dei kjem attende. Men då må dei få sleppe til, var bodskapen til Vidar Eltun.

Samarbeid er tingen

Dei to tilreisande snakka ut frå eit næringslivs- og kompetanseperspektiv. Henriksen hadde vore hytte-valdris i 25 år (Tisleidalen), og minna om eldrebølgja som ei stor utfordring for regionen. Statistikken viste urovekkande tal på dette feltet. – Det er viktig å ville noko, og ikkje framføre bodskapen om at det er synd på oss. Å samarbeide, lære av andre, er føresetnad for å lykkast, meinte Henriksen. Her viste han til utviklinga på Raufoss, som det einaste ekspertsenteret i Innlandet.

LEAN på norsk

Engasjert forsamling som deltok aktivt med spørsmål og argumentasjon. Foto: Nils Rogn
Engasjert forsamling som deltok aktivt med spørsmål og argumentasjon. Foto: Nils Rogn

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 Kontinuerleg forbetring eller LEAN, var eit viktig prinsipp. For å få tilflytting og trivsel måtte ein ha vertskapsattraktivitet. Dette måtte det jobbast med. – Den som arbeider mest med å forbetre seg, lykkast best, sa Henriksen. Han omtala LEAN som ein strukturert måte å få engasjert ein større del av ”humankapitalen” til å bidra med kontinuerlege forbetringar og sprangvise innovasjonar. Han påpeikte at det var stor forskjell på å bli endra, eller å vera med og delta i endringsprosessen. All forandring krev tid, det må vera ein langsam prosess.

Stimulerer nysgjerrigheit

Petra Skoglund orienterte om tilbodet Vitensenteret gjev. – Formålet er å få born og unge interesserte i naturvitenskap og matte, og å auke rekrutteringa til realfag, teknologifag, landbruksfag og handverksfag. Vitensenteret Innlandet har Hedmark og Oppland som ansvarsområde, og er eitt av ni senter her i landet, sa ho. Læraren var viktig målgruppe, og senteret kunne tilby ulike temabesøk. Å vekke nysgjerrigheit, og vilje til eiga læring, var målsetjinga for temaopplegga. Tilbodet var gratis for skulane.

Nyttig dag

Lillann Haugen Strand takka dei to tilreisande for å ha gjeve inspirasjon til det vidare arbeidet med ungdommane. - For alle som arbeider i skulen, er det nyttig å ha god kjennskap til både lokalt og regionalt næringsliv. Kva slags verkelegheit er det ein utdannar ungdomane til? Ikkje minst er det viktig å ha fokus på innovasjon slik at Valdres i framtida har fleire unge vaksne som ynskjer å skapa sin eigen arbeidsplass. Ja, kanskje arbeid til fleire og?, meinte ho.

Positive tilbakemeldingar

Fleire deltakarar uttrykte seg særs nøgde med innhaldet i denne halvdagsøkta. - Dette er noko av det beste eg har høyrt, engasjerande og interessant. Nyttig for oss som underviser i vidaregåande skule, var av tilbakemeldingane Lillann Haugen Strand fekk. Utanom pedagogisk personale ved skulen, var både ordførarar, rådmenn, Valdres Næringshage, Valdres Næringsforum og VNK invitert.

Zo2 Framework Settings

Select one of sample color schemes

Google Font

Menu Font
Body Font
Heading Font

Body

Background Color
Text Color
Link Color
Background Image

Header Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Slider Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Inset Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Bottom Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image
Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image