Valdres

Beez5

Lydhør og lærevillig statssekretær på Valdres-vitjing

På forbrettet fekk Hanne Blåfjelldal grei beskjed om stoda før mjølkebonden i Valdres. Foto: Nils Rogn

Tysdag var tre representantar frå Landbruks- og Matdepartementet på Valdres-vitjing, med Hanne Maren Blåfjelldal i spissen.  Som ny utnemnd statssekretær hadde ho ytra ynskje om å koma til heimregionen for å gjera seg betre kjend med landbruket og natur- og kulturparken.

Eit slikt ynskje vart teke vel imot, og eit breitt program for delegasjonen vart sett saman. Blåfjelldal og avdelingsdirektørane Kristin Orlund og Ivar Ekanger starta dagen på Begna Bruk og orientering om ei utsett skogsnæring. Meir optimisme var det hjå Noraker Fisk. Her vanka det også ein utsøkt lunsj med rakfisk og det beste av lokalmat elles.

Kapasitet for større rakfiskproduksjon

Nils Noraker viste rndt i det flotte nybygget som stod klart i juli. Foto: Nils Rogn
Nils Noraker viste rundt i det flotte nybygget som stod klart i juli. Foto: Nils Rogn

Nils Noraker fortalde om ei blomstrande næring, som førebels hjå han var avgrensa til 30 tonn på årsbasis. Konsesjonen frå 1988 stod fast, og det var nærmast umogeleg å argumentere for å få produsere meir. Prøvetaking for å dokumentere utslepp ville uansett resultat ikkje gje auka produksjonskvote, hevda han. Den samla belastinga på vassdraget hadde betra seg mykje sidan 1988, og han sette sin lit til at politisk skjønn måtte overprøve forvaltinga i fylkeskommunen. – Eg mister stadig marknadsandelar, sa han.

Klar for dialog

- Eg er absolutt interessert i at næringa skjal vekse. Lag eit kort notat om kva me bør gjera, sa Hanne Blåfjelldal. – Me har også god dialog til Miljøverndepartementet om det er noko der som hindrar, la ho til. Ho var klar på at turen til Valdres var for å lære, og for å få ein dialog med landbruksnæringa. – Om eg har vakse opp i Valdres, er det mykje eg ikkje veit om landbruket her, sa ho.

Helle Kjøtt

Normann Helle orienterte om produksjonen ved Helle Kjøtt ved Fosheim. Ved sida av han står Aslag Hamre, VidarvEltun og Hanne Blåfjelldal. Foto: Nils Rogn
Normann Helle orienterte om produksjonen ved Helle Kjøtt ved Fosheim. Ved sida av han står Aslag Hamre, Vidar Eltun og Hanne Blåfjelldal. Foto: Nils Rogn

Normann Helle tok i mot ved Helle Kjøtt på Fosheim. Han serverte Hellekaker og kurv, og fortalde om ei verksemd i vekst. Dei produserer 20 tonn kurv i vinter, på ei oppskrift frå 1950-talet – Hellekurv. Også Hellekakene går godt unna – 2 000 vart steikt opp til Rakfiskfestivalen, og alle vart borte. Dei dreiv også med viltnedskjering, og hadde teke seg av 40 elgar i haust.

Mjølkeproduksjon

Normann og kona Gerd Nanti tok deretter minibussen med til gards, til Vika på vestsida av Slidrefjorden. Her var fjøset bygt ut til 20 mjølkekyr. Han tok med seg Blåfjelldal på forbrettet, og forklara at grovforet og beiteressursen var det viktigaste for fjellbøndene. - Blir kraftforet for billig vil jærbonden konkurrere oss rett ut, sa han. Også dei tilskotsordningane han tok imot for drifta var heilt avgjerande for resultatet. – Utan tilskot går dette i null, eller i minus.

Stølen og fjellbeitet er ein viktig ressurs, forklara Normann Helle. Foto: Nils Rogn
Stølen og fjellbeitet er ein viktig ressurs, forklara Normann og Gerd Nanti Vika Helle i fjøset på Jaslangen. Foto: Nils Rogn

Stølsparadiset Jaslangen

Deretter tok følgjet seg over skoddehavet, og opp i sola og snøen i stølsriket Jaslangen. Her hadde Gerd Nanti og Normann teke opp att stølsdrifta for nokre år sidan, og bygt både støl og fjøs. Her kunne dei også feriere litt mellom fjøsstella, med fotturar, fisking og fellesskap med familien.

Stordrift med robot

Rundturen vart avslutta på Sekskanten på Vaset. Her fortalde Knut Sigurd Rødningen om utbygginga og drifta si, med robot, vel 70 mjølkekyr og produksjon av 356 tonn mjølk. – Eg må onne 12 gardar og slå 8-900 mål to gonger om sommaren, så eg er meir transportsjef enn bonde, spøkte han. – Det har vore artig å utvikle garden og finne gode løysingar, men tida strekk ikkje heilt til for å følgje opp alt like godt.

Knut Sigurd Rødningen sleit med å få økonomi i stordrifta si. Treng du praksis er det berre å koma og hjelpe til, sa han til Blåfjelldal. Foto: Nils Rogn
Knut Sigurd Rødningen sleit med å få økonomi i stordrifta si. - Treng du praksis er det berre å koma og hjelpe til, sa han til Blåfjelldal. Foto: Nils Rogn

Også han frykta jærbonden som kunne ta tre avlingar rett utanfor fjøsdøra. – Med slik stordrift som eg har, burde det ha vore økonomi til å lønne ein i fast arbeid. Slik er det ikkje, slo han fast. Å reise bort ei helg var heilt utelukka.– Hadde eg kunna starta på nytt ville eg ha bygt for 30 kyr og vore på stølen. Då hadde eg hatt det betre både arbeidsmessig og trivselsmessig, og ganske sikkert også økonomisk, meinte han.

Regionale innlegg

Til slutt fortalde Magnus Lajord om Landbruksmelding for Valdres, Aslag Hamre om lokal forvalting av bygdeutviklingsmidlar og Kjell Berge Melbybråten om organiseringa i Valdres Natur- og Kulturpark. Blant mange innspel til departementsfolka, var at innhaldet i Landbruksmelding 2011 måtte stå fast, ikkje minst som eit signal til ungdommen.

Nyttig innføring

Hanne Blåfjelldal takka for ein innhaldsrik og lærerik dag. – Me har om ikkje anna fått landbruket på dagsorden etter valet, og Landbruksdepartementet har blitt det mest omtala departementet i media. Journalistar les seg opp på landbruk, og har blitt meir opptekne av landbrukspolitikk. Eg kom svært brått inn i dette, ein dag var eg lærar og den neste sat eg i departementet. Eg hadde eigentleg gjeve meg med politikk, men kunne ikkje seia nei når eg fekk tilbodet, sa ho.

- Kom med innspel

- Eg er slett ikkje oppdatert på landbruk, og vil bruke tid no i starten på å reise rundt for å bli kjent med utfordringane rundt omkring. Landbruksplattforma til regjeringa står fast, og de må bruke den for innspel. Me må saman finne dei gode løysingane framover. Det har vore triveleg å vera på besøk i Valdres, men det er litt skummelt med dei forventningane som  ligg der. Me vil heilt sikkert vera ueinige i ein del av politikken, men det blir ikkje dei store endringane på kort sikt.  Og hugs at me er veldig lydhøre for innspel, avrunda Blåfjelldal.

Tilbake til Valdres

Deretter fekk bondelaga og småbrukarlaga departetementsfolka for seg sjølve ein halvtime. Som ein konklusjon på dagen kan ein vel seia at om det ikkje er blå-blått i dal og fjell i Valdres, har me i alle fall fått ein lydhør statssekretær i Hanne Blåfjelldal. Og, kunne ho røpe til slutt i oppsummeringa av dagen – eg flytter nok snart tilbake til Valdres.

Blaafjelldal_Hanne
Hanne Maren Blåfjelldal takka for ein lærerik dag, og ba om god dialog med næringa. Til høgre Gerd Nanti Vika Helle og Lars Kvissel. Foto: Nils Rogn
Zo2 Framework Settings

Select one of sample color schemes

Google Font

Menu Font
Body Font
Heading Font

Body

Background Color
Text Color
Link Color
Background Image

Header Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Slider Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Inset Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image

Bottom Wrapper

Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image
Background Color
Modules Title
Text Color
Link Color
Background Image